{"id":11360465,"date":"2011-06-22T22:27:27","date_gmt":"2011-06-22T22:27:27","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/06\/kongeleg-avslutning-11360465\/"},"modified":"2011-06-22T22:27:27","modified_gmt":"2011-06-22T22:27:27","slug":"kongeleg-avslutning-11360465","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/kongeleg-avslutning-11360465\/","title":{"rendered":"Kongeleg avslutning"},"content":{"rendered":"<p>Eg vart sitjande og sj\u00e5 alt for lenge p\u00e5 Hurtigruten siste natta. Etter at det hadde vore ruskever med vind opp mot storm, stilna det heile og midnattsola kom fram att. Ein stor mengde folk helsa b\u00e5ten i B\u00e5tsfjord, som vert kalla Norges st\u00f8rste fiskev\u00e6r med 2000 innbyggarar. Eg lurer p\u00e5 om det var der dei tilsette p\u00e5 sjukestua var p\u00e5 kaien med plakat om at dei trong sjukepleiarar. Smart m\u00e5te \u00e5 fortelje om det p\u00e5, sp\u00f8r du meg.<\/p>\n<p>Stoppa i Finnmark er ikkje lange, d\u00e5 fortener nok Hurtigruten namnet sitt. Eg fann lugaren d\u00e5 midnattsola skein over Makkaur fyr, men hadde eit klart \u00f8nske om \u00e5 vere p\u00e5 plass for \u00e5 f\u00e5 med meg innspurten, s\u00e5 halv \u00e5tte var eg atter p\u00e5 plass og fylgde innseilinga til Vard\u00f8. Der fekk eg sj\u00e5 kyrkja eg var i d\u00e5 eg bes\u00f8kte sj\u00f8mannsmisjonsforeninga der for mange \u00e5r sidan. Museumsb\u00e5ten Kjartan med eit kor ombord fylgde b\u00e5ten til hamna, og d\u00e5 stemte koret opp med song. Brannbilen p\u00e5 flyplassen helsa b\u00e5ten med ein sprut, og plutseleg var vi p\u00e5 farten att, no med fleire bilar som k\u00f8yrde ombord.<\/p>\n<p>S\u00e5 kom finalen, fyrst med at kapteinen hadde ein prat med Jens Stoltenberg, som sa at han og hadde fylgt med turen p\u00e5 TV. Deretter kom reiseverten p\u00e5 callinganlegget og fortalde at folk burde g\u00e5 p\u00e5 dekk for \u00e5 helse Kongeskipet Norge, som dei snart ville m\u00f8te. Dei gode linsene fanga inn skipet, der mannskapet stod p\u00e5 dekk, offiserane p\u00e5 \u00f8verste dekk. Ikkje s\u00e5 lett \u00e5 halde matroskragen p\u00e5 plass i vinden, men dei stod stramme og venta p\u00e5 Hurtigruten. P\u00e5 bakerste dekk var Dronning Sonja, ho vinka til oss slik alle har gjort som har m\u00f8tt skipet. Ho skulle til Vads\u00f8, der dei skulle opne noko, etter det eg fekk med meg.<\/p>\n<p>Inn mot Kirkenes var det b\u00e5de eit Orion-fly som helsa oss, og etter kvart og eit helikopter som filma, slik at vi kunne sj\u00e5 d\u00e5 skipet gjekk mot kaien, med fullt av sm\u00e5b\u00e5tar rundt, mellom anna grensevakt-b\u00e5tar. Ogs\u00e5 hjer var kaien stuvande full av folk som helsa skipet velkomne til S\u00f8r-Varanger kommune og til Kirkenes.<\/p>\n<p>Og s\u00e5 var reisa slutt. 2,5 millionar nordmenn har sett deler av programmet p\u00e5 TV. Ein halv million har vore innom nettsidene til NRK for \u00e5 sj\u00e5, eg trur dei sa det hadde vore innom sj\u00e5arar fr\u00e5 156 av dei 176 landa i verda, eller noko slikt.<\/p>\n<p>Halv elleve var det over, fem dagar med ei festreis eg er glad eg fekk vere med p\u00e5, om enn bare p\u00e5 TV. Eg har fylgd med litt p\u00e5 Twitter og Facebook og dermed f\u00e5tt ein litt ekstra dimensjon. Det blei sagt at dette truleg var fyrste gong sosiale medier vart teke i bruk til \u00e5 gje tilbakemelding medan programmet gjekk, og tips om musikk som kunne passe, vart fylgd opp fleire gonger. Etter B\u00e5tsfjord, der Mannssangforeninga fr\u00e5 filmen Heftig og begeistret stilte p\u00e5 kaien, song dei (fr\u00e5 plate) <em>\u00c5 eg veit meg eit land<\/em>. Eg hadde no likt om dei hadde slutta av heile programmet med eit kor p\u00e5 kaien til \u00e5 syngje <em>Ja, vi elsker dette landet<\/em>, men det var vel for mykje \u00e5 forlange. Men det var det som sat att til slutt. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Eg vart sitjande og sj\u00e5 alt for lenge p\u00e5 Hurtigruten siste natta. Etter at det hadde vore ruskever med vind opp mot storm, stilna det heile og midnattsola kom fram att. Ein stor mengde folk helsa b\u00e5ten i B\u00e5tsfjord, som vert kalla Norges st\u00f8rste fiskev\u00e6r med 2000 innbyggarar. Eg lurer p\u00e5 om det var der &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/kongeleg-avslutning-11360465\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Kongeleg avslutning<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-11360465","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11360465"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=11360465"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11360465\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=11360465"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=11360465"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=11360465"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}