{"id":11355084,"date":"2011-06-21T22:37:14","date_gmt":"2011-06-21T22:37:14","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/06\/mot-avslutning-i-kirkenes-11355084\/"},"modified":"2011-06-21T22:37:14","modified_gmt":"2011-06-21T22:37:14","slug":"mot-avslutning-i-kirkenes-11355084","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/mot-avslutning-i-kirkenes-11355084\/","title":{"rendered":"Mot avslutning i Kirkenes"},"content":{"rendered":"<p>Ogs\u00e5 denne dagen har vore prega av <em>Hurtigruten minutt for minutt<\/em> p\u00e5 NRK2. I dag har det vore Finnmark som har vore tema, og eg s\u00e5g at p\u00e5 ein av dei stadene der det er vaksenoppl\u00e6ring for utlendingar, hadde dei brukt programmet som grunnlag for undervisning dei siste dagane. Det trur eg at eg og ville gjort om skulen framleis hadde vore i drift, men i Valle slutta vi torsdag, same dagen som denne happeningen starta. Eg veit ikkje om elevane mine har f\u00e5tt med seg noko, men sj\u00f8lv har eg kost meg med sendinga. Ho vekker minner, sj\u00f8lv om det er sv\u00e6rt lang tid sidan eg reiste heile strekningen med b\u00e5t p\u00e5 Finnmarkskysten. Det var ein gong mellom 1972 og 1976 d\u00e5 eg var redakt\u00f8r av Fiskerens Venn og bes\u00f8kte fiskarheimane som Den indre Sj\u00f8mannsmisjon hadde i Honningsv\u00e5g, Berlev\u00e5g og Vard\u00f8. Vinterstid var veret ikkje s\u00e5 lyst som det har vore i dag, men d\u00f8nningar gyngar b\u00e5de sommar og vinter. Det er nok meir komfortabelt \u00e5 fylgje det heile fr\u00e5 sofaen heime, men det har jo vore eit yrande leven p\u00e5 land.<\/p>\n<p>Kaka tok Honningsv\u00e5g, som for lenge sidan, f\u00f8r dei ante om TV-programmet, hadde planlagt \u00e5 feire kommunen sine 150 \u00e5r denne dagen. Ordf\u00f8rar fr\u00e5 F\u00e6r\u00f8yane, Hummer brannbil med vannkanon som bare brukte 12 liter p\u00e5 eit skot, men som hadde effekt p\u00e5 1200 liter. Brannbilen var komen til kommunen i samband med tunnelen som g\u00e5r under havet og bind \u00f8ya saman med fastlandet. Men hittil hadde det ikkje vore brann i tunnelen, og han som demonstrerte vidunderet vona det aldri kom til \u00e5 bli bruk for han til det han var planlagt for.<\/p>\n<p>Og s\u00e5 delte Rica-hotellet i Honningsv\u00e5g ut torsketunger med remulade til alle like f\u00f8r avgang, som jo var forsinka etter at passasjerar hadde vore p\u00e5 Nordkapp og sett ut i t\u00e5kehavet og teke bilete av kvarandre ved Nordkappmonumentet. Ein kunne verte svolten av mindre.<\/p>\n<p>Om ein no droppar resten av Austhavet og legg seg i rimeleg tid, kjem ein seg kanskje opp i morgon tidleg tids nok til \u00e5 f\u00e5 med seg avslutninga p\u00e5 turen. S\u00e5 eg trur eg sluttar her og pr\u00f8ver p\u00e5 det.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Ogs\u00e5 denne dagen har vore prega av Hurtigruten minutt for minutt p\u00e5 NRK2. I dag har det vore Finnmark som har vore tema, og eg s\u00e5g at p\u00e5 ein av dei stadene der det er vaksenoppl\u00e6ring for utlendingar, hadde dei brukt programmet som grunnlag for undervisning dei siste dagane. Det trur eg at eg og &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/mot-avslutning-i-kirkenes-11355084\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Mot avslutning i Kirkenes<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-11355084","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11355084"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=11355084"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11355084\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=11355084"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=11355084"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=11355084"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}