{"id":11338899,"date":"2011-06-18T22:47:23","date_gmt":"2011-06-18T22:47:23","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/06\/meditasjonsfjernsyn-11338899\/"},"modified":"2011-06-18T22:47:23","modified_gmt":"2011-06-18T22:47:23","slug":"meditasjonsfjernsyn-11338899","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/meditasjonsfjernsyn-11338899\/","title":{"rendered":"Meditasjonsfjernsyn"},"content":{"rendered":"<p>Eg har blitt sitjande framom TV det  meste av kvelden og store deler av dagen. Meditasjonsfjernsyn kalla Berit Rekve programmet Hurtigruten minutt for minutt som g\u00e5r p\u00e5 NRK 2 desse dagane, og er opplever det p\u00e5 same m\u00e5ten. Eg har reist norskekysten fr\u00e5 Stavanger til Kirkenes, og her f\u00e5r eg gjenoppleve b\u00e5de kysten og havnene. I kveld var det Hurtigrutens Dag i R\u00f8rvik og 2000 p\u00e5 kaia i den lille kystbyen der det bur 2700. 130 b\u00e5tar med kanskje tusen menneske i b\u00e5tane og; eit yrande liv. S\u00e5 starta Helgelandsferda.<\/p>\n<p>Ein himmel i dei finaste fargar, midnattsol og nesten blankt hav. S\u00e5 lokkar dei med Torghatten, ekstra runde ut for \u00e5 sj\u00e5 holet i fjellet denne fine sommarkvelden. Ikkje rart om folk ikkje klarar \u00e5 rive seg laus. Og p\u00e5 ferda inn til Br\u00f8nn\u00f8ysund er det igjen ei rekke b\u00e5tar ute for \u00e5 fylgje Hurtigruta inn mot hamna.<\/p>\n<p>D\u00e5 vi budde p\u00e5 Stokmarknes, var Hurtigruta viktig for oss. S\u00f8rg\u00e5ande gjekk rundt klokka fire om ettermiddagen og m\u00f8tte nordg\u00e5ande i Svolv\u00e6r, s\u00e5 vi kunne ta gjester med p\u00e5 tur gjennom Raftsundet, anten p\u00e5 nordtur eller s\u00f8rtur eller begge deler. Og vi nytta b\u00e5ten n\u00e5r vi skulle til Bod\u00f8 eller heim att, fly gjekk fortare, men Hurtigruta var ei oppleving.<\/p>\n<p>Eg les p\u00e5 kommentarfeeden at det er mange som set pris p\u00e5 programmet p\u00e5 NRK2, nokre lurer p\u00e5 kva som gjer at dei gl\u00f8ymer \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 program dei hadde tenkt \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5. Thor Bjarne Bore twitra med eit Bj\u00f8rnson-sitat: <em>Som Bj\u00f8rnson ville sagt det: Kj\u00f8r langsomt, thi vi kommer tidsnok frem. <\/em> Og sj\u00f8lv om dei er forsinka til Br\u00f8nn\u00f8ysund, s\u00e5 langt eg kunne sj\u00e5 p\u00e5 eit bilete fr\u00e5 eit kamera med telelinse var det mykje folk ute og venta p\u00e5 b\u00e5ten, sj\u00f8lv om klokka er eitt f\u00f8r b\u00e5ten er inne. Det stod fullt av folk p\u00e5 brua utanfor byen.<\/p>\n<p>At folk vil f\u00e5 lyst til \u00e5 reise p\u00e5 cruise med Hurtigruten etter dette programmet, det trur eg nok. Reklame for det vakre landet v\u00e5rt er det etter mi meining. S\u00e5 kan ein minnast opplevingar og reiser ein sj\u00f8lv har hatt.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Eg har blitt sitjande framom TV det meste av kvelden og store deler av dagen. Meditasjonsfjernsyn kalla Berit Rekve programmet Hurtigruten minutt for minutt som g\u00e5r p\u00e5 NRK 2 desse dagane, og er opplever det p\u00e5 same m\u00e5ten. Eg har reist norskekysten fr\u00e5 Stavanger til Kirkenes, og her f\u00e5r eg gjenoppleve b\u00e5de kysten og havnene. &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/meditasjonsfjernsyn-11338899\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Meditasjonsfjernsyn<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[30],"class_list":["post-11338899","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-hurtigruten"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11338899"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=11338899"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11338899\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=11338899"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=11338899"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=11338899"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}