{"id":11333949,"date":"2011-06-17T21:57:16","date_gmt":"2011-06-17T21:57:16","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/06\/david-phelps-i-vennesla-11333949\/"},"modified":"2011-06-17T21:57:16","modified_gmt":"2011-06-17T21:57:16","slug":"david-phelps-i-vennesla-11333949","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/david-phelps-i-vennesla-11333949\/","title":{"rendered":"David Phelps i Vennesla"},"content":{"rendered":"<p>Eg har hatt David Phelps med i Valle Radio n\u00e5r eg har hatt Sangkveld-program. Difor tenkte eg at eg skulle ta turen til Vennesla d\u00e5 han hadde konsert der i kveld. Det var \u00d8ystein Berg som fortalde meg om det, han held meg oppdatert p\u00e5 Gaither Music sine aktivitetar. Konserten  var i samarbeid med Voice of Joy, eit gospelkor fr\u00e5 Haugalandet, og det var eit veldig trykk d\u00e5 dei starta konserten. Eg likte nok best den meir stille s\u00f8ndagsskolesangen Jesus er kongen min, den var detlenge sidan eg hadde h\u00f8yrt.<\/p>\n<p>Denne fredagskvelden kom eg heim til Mandal klokka 17.30, s\u00e5 var det i grunnen bare \u00e5 f\u00e5 i meg litt mat, og klokka seks gjekk turen tilbake til Vennesla. Det er ikkje s\u00e5 ofte Reidun og eg dreg ut att p\u00e5 ein fredagskveld, men denne konserten ville vi f\u00e5 med oss. Litt f\u00f8r klokka sju svinga vi inn til Filadelfia, der var det mange folk som dirigerte trafikken, s\u00e5 det var lett \u00e5 parkere. \u00d8ystein var alt komen, han var saman med Toralf Berg fr\u00e5 Evje. Vi fann oss plassar noko langt bak i salen, medan \u00d8ystein ville pr\u00f8ve korleis det var \u00e5 sitje p\u00e5 galleriet.<\/p>\n<p>Det er rart med musikk, vi likar nok best det vi kjenner fr\u00e5 f\u00f8r, s\u00e5 publikum klappa mykje d\u00e5 det kom nokre av dei songane denne tenoren er mest kjent for \u00e5 synge. Han tok mellom anna Nessun dorma, ei arie som Pavarotti hadde p\u00e5 repertoaret, og d\u00e5 klappa folk mykje b\u00e5de f\u00f8r og etter.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv opplevde eg nok It&#8217;s well with my soul som den sangen eg likte best. Den har eg hatt i Valle Radio mange gonger, helst med Odd Dubland sin norske versjon Det er vel med min sjel. Koret hadde ein svensk som var nydeleg, men n\u00e5r ein ikkje noterer eller ikkje har program, er det litt vanskeleg \u00e5 hugse, s\u00e5 den klarar eg ikkje \u00e5 ta att.<\/p>\n<p>Apropos det \u00e5 ikkje ha program. David Phelps sitt band hadde ein stor evne til \u00e5 henge med i dei sangane han ville ha, det verka lite fastlagt p\u00e5 f\u00f8rehand, men kom meir etter kva respons han fekk fr\u00e5 publikum, og den var jo god. Eg trur dei fleste gjerne ville ha f\u00e5tt meir av han d\u00e5 han runda av klokka 21.30. Trampeklapp f\u00f8rte til at han tok eit ekstranummer, men truleg hadde dei det travelt, for d\u00e5 me hadde snakka litt med \u00d8ystein og Toralf, som var dei einaste kjentfolka, s\u00e5 vidt vi kunne finne ut, var alt bussen koret skulle bruke for \u00e5 kome til neste konsert, k\u00f8yrt fram og folka var i full gang med \u00e5 laste inn bagasje.<\/p>\n<p>Ein triveleg og ei fin oppleving. Her er lenke til You Tube med David Phelps:<\/p>\n<p>http:\/\/www.youtube.com\/watch?v=9FgG2gagXoc Nessun Dorma, her med innleiing som og syner eksempel p\u00e5 den trivelege introduksjonen til songane, slik han og gjorde det i Vennesla.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Eg har hatt David Phelps med i Valle Radio n\u00e5r eg har hatt Sangkveld-program. Difor tenkte eg at eg skulle ta turen til Vennesla d\u00e5 han hadde konsert der i kveld. Det var \u00d8ystein Berg som fortalde meg om det, han held meg oppdatert p\u00e5 Gaither Music sine aktivitetar. Konserten var i samarbeid med Voice &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/david-phelps-i-vennesla-11333949\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">David Phelps i Vennesla<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-11333949","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11333949"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=11333949"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11333949\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=11333949"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=11333949"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=11333949"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}