{"id":11323081,"date":"2011-06-15T22:29:05","date_gmt":"2011-06-15T22:29:05","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/06\/musikk-og-ikt-facebook-og-meir-til-11323081\/"},"modified":"2011-06-15T22:29:05","modified_gmt":"2011-06-15T22:29:05","slug":"musikk-og-ikt-facebook-og-meir-til-11323081","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/musikk-og-ikt-facebook-og-meir-til-11323081\/","title":{"rendered":"Musikk og IKT, Facebook og meir til"},"content":{"rendered":"<p>I dag h\u00f8vde det slik at vi p\u00e5 Setesdalswiki fekk skrive artikkelen om J\u00f8rund Georg Jore, Valle Radio sin tekniske sjef og fagansvarleg IKT i Valle kommune. Enn s\u00e5 lenge&#8230;., i september g\u00e5r han over i Setesdal IKT som skal drifte IKT for alle kommunane i Setesdal.<\/p>\n<p>Det var interessant \u00e5 skrive den artikkelen, for d\u00e5 fekk eg litt meir kj\u00f8t p\u00e5 dei beina eg visste var der. Eg visste at J\u00f8rund er ut over det vanlege interessert i musikk, men hadde ikkje klart for meg at han hadde spelt i band over heile Agder i ungdommen, i bandet Sharrox og at han der var saman med Mona Ida H\u00e5vorstad Fr\u00f8ysnes, Vidar Fr\u00f8ysnes, Sveinung Roland og Andres Birkeland. I det heile er det ein rikt utrusta teknisk sjef i Valle Radio, og eg er glad for \u00e5 ha f\u00e5tt p\u00e5 plass artikkelen om han.<br \/>\nhttp:\/\/www.setesdalswiki.no\/w\/index.php?title=J%C3%B8rund_Georg_Jore&#038;redirect=no<\/p>\n<p>Dagen i dag starta med nokre ordforklaringar, substantivet \u00abfinne\u00bb tyder villmark, og substantivet \u00abviti\u00bb tyder varde eller vete. Eg skreiv om dei orda p\u00e5 Setesdalswiki etter at det hadde kome sp\u00f8rsm\u00e5l om dei p\u00e5 Facebook.<\/p>\n<p>Facebook er eit godt medium for \u00e5 halde kontakt. Eg har gratulert folk som eg elles ikkje hadde visst hadde f\u00f8dselsdag, fordi eg plutseleg oppdaga at det stod der. Ei av venene eg har p\u00e5 Facebook, er Mei-Lin Chung. Ho g\u00e5r og p\u00e5 Valle Vaksenoppl\u00e6ring og l\u00e6rer seg norsk. Ho tek mange bilete og deler dei med venene sine p\u00e5 Facebook, b\u00e5de her i landet og p\u00e5 Taiwan, der ho kom fr\u00e5. Ho tok eit bilete av Bygland kyrkje, og det fekk eg legge inn i artikkelen om kyrkja. http:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/Bygland_kyrkje<\/p>\n<p>I dag laga eg ein artikkel om henne p\u00e5 Setesdalswiki, den kan du lese her: http:\/\/www.setesdalswiki.no\/w\/index.php?title=Mei-Lin_Chung&#038;redirect=no  Og biletet av henne, det tok Reidar Tveit, som ho er gift med. I dag inviterte ein annan av elevane v\u00e5re oss til \u00e5 kome heim til dei i Leite og ha formiddagsmat. Det vart ei kulinarisk oppleving, og Mei-Lin var med oss, s\u00e5 no ligg det ei rekke bilete p\u00e5 Facebooksida hennar fr\u00e5 ei triveleg stund p\u00e5 toppen i Leite. Ta turen innom henne og sj\u00e5 p\u00e5 dei fine bileta. Og i morgon kjem det nok meir, for vi er i avslutningsveka p\u00e5 skulen, og folk tek bilete b\u00e5de tidleg og seint. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag h\u00f8vde det slik at vi p\u00e5 Setesdalswiki fekk skrive artikkelen om J\u00f8rund Georg Jore, Valle Radio sin tekniske sjef og fagansvarleg IKT i Valle kommune. Enn s\u00e5 lenge&#8230;., i september g\u00e5r han over i Setesdal IKT som skal drifte IKT for alle kommunane i Setesdal. Det var interessant \u00e5 skrive den artikkelen, for &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/musikk-og-ikt-facebook-og-meir-til-11323081\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Musikk og IKT, Facebook og meir til<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-11323081","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11323081"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=11323081"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11323081\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=11323081"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=11323081"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=11323081"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}