{"id":11317466,"date":"2011-06-14T22:43:41","date_gmt":"2011-06-14T22:43:41","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/06\/gamlestev-og-nystev-11317466\/"},"modified":"2011-06-14T22:43:41","modified_gmt":"2011-06-14T22:43:41","slug":"gamlestev-og-nystev-11317466","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/gamlestev-og-nystev-11317466\/","title":{"rendered":"Gamlestev og nystev"},"content":{"rendered":"<p>\u00c5 skrive om stev p\u00e5 Setesdalswiki hjelper meg til \u00e5 l\u00e6re noko nytt. No har eg skrive om gamlestevet <em>Der \u00e6 so vent \u00e5 vesteheio<\/em> som er laga av Jon Bj\u00f8rgulvson Rysstad, oldefar til Kim Andr\u00e9 Rysstad, som han skreiv p\u00e5 Facebook i dag. I l\u00f8pet av dagen har det f\u00e5tt ei rekke kommentarar p\u00e5 Facebook etter at \u00d8yvind Jacob siterte stevet der. D\u00e5 gav han meg eit godt h\u00f8ve til \u00e5 syne til artikkelen p\u00e5 Setesdalswiki, takk skal du ha for det, \u00d8yvind.<\/p>\n<p>Det meste i stevet, som har tre vers, er lett \u00e5 forst\u00e5, men fivel, det trong ei forklaring. Difor la eg lenke til ordet, og skreiv ein artikkel om det og. Det er det same som myrull.<\/p>\n<p>Det fine med hypertekst, som Setesdalswiki jo er, er at ein kan lage lenker til nye ord og omgrep. Her la eg til og med inn eit bilete av myrull. Fr\u00e5 lenka nedanfor kan du finne det<br \/>\nhttp:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/Der_%C3%A6_so_vent_%C3%A5_vesteheio<\/p>\n<p>Utgangspunktet for dette er ein kassett eg l\u00e5nte p\u00e5 biblioteket i Valle. Det er rart \u00e5 tenke p\u00e5 at d\u00e5 vi starta med Valle Radio, nytta vi kassettar ganske mykje. No kan vi knapt spele dei, om vi finn ein kassettspelar. Tidene forandrar seg.<\/p>\n<p>Det andre stevet eg skreiv om i dag, er nystevet <em>I fj\u00f8dd \u00e5 finne<\/em> av Gunnar Tarjeisson Rysstad (1867-1928). Det er bare eitt vers, men innhaldsrikt likevel. I artiklane skriv eg ikkje diktanalyse, eit leksikon ser meir p\u00e5 korleis det er blitt brukt. Dette stevet er det mange som har l\u00e6rt seg, i Agder Folkemusikkarkiv er det ei lang liste med ut\u00f8varar som har framf\u00f8rt stevet, men s\u00e5 langt har eg bare funne Bj\u00f8rgulv Straume som har det p\u00e5 kassett eller plate som har vore til sals. Det kan vel fort endre seg n\u00e5r eg leitar litt.<\/p>\n<p>I den artikkelen var det og turvande med ei ordforklaring, ordet finne er ikkje s\u00e5 vanleg i bruk lenger. S\u00e5 d\u00e5 blei det end\u00e5 ein artikkel. Alt finn du om du g\u00e5r p\u00e5 denne lenka: http:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/I_fj%C3%B8dd_%C3%A5_finne<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>\u00c5 skrive om stev p\u00e5 Setesdalswiki hjelper meg til \u00e5 l\u00e6re noko nytt. No har eg skrive om gamlestevet Der \u00e6 so vent \u00e5 vesteheio som er laga av Jon Bj\u00f8rgulvson Rysstad, oldefar til Kim Andr\u00e9 Rysstad, som han skreiv p\u00e5 Facebook i dag. I l\u00f8pet av dagen har det f\u00e5tt ei rekke kommentarar p\u00e5 &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/gamlestev-og-nystev-11317466\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Gamlestev og nystev<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[65],"class_list":["post-11317466","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-setesdalswiki"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11317466"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=11317466"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11317466\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=11317466"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=11317466"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=11317466"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}