{"id":11215025,"date":"2011-05-25T20:15:45","date_gmt":"2011-05-25T20:15:45","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/05\/regional-utviklingsplan-for-setesdal-11215025\/"},"modified":"2011-05-25T20:15:45","modified_gmt":"2011-05-25T20:15:45","slug":"regional-utviklingsplan-for-setesdal-11215025","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/regional-utviklingsplan-for-setesdal-11215025\/","title":{"rendered":"Regional utviklingsplan for Setesdal 2020"},"content":{"rendered":"<p>Planen med dette flotte namnet er nett kome fr\u00e5 trykkeriet. Det er blitt ein fin trykksak som fortener mange lesarar, men eg er vel redd at folk luktar kommunale planar = tung lesnad, s\u00e5 legg dei det vekk til seinare, og s\u00e5 vert det ikkje noko seinare.<\/p>\n<p>Planen er p\u00e5 56 sider og startar med at styreleiar i Setsdal Regionr\u00e5d, Bj\u00f8rn Ropstad, skriv eit f\u00f8reord som han har kalla Fr\u00e5 visjonar til ord og handling.<\/p>\n<p>Innleiingskapitlet er illustrert med eit vakkert bilete av 100-\u00e5ringen Sverre Lund, som ogs\u00e5 har hatt innspel til arbeidet med planen.<\/p>\n<p>Etter innleiinga kjem det eit kapittel som heiter <em>M\u00e5lbilete for Setesdal 2020<\/em> f\u00f8r det er sett opp eit samandrag av heile planen p\u00e5 to sider.<\/p>\n<p>Kapitlet <em>Vegen til m\u00e5let &#8211; strategiar og tiltak<\/em> har fire underkapittel: Attraktivitet,  infrastruktur, n\u00e6ringsutvikling og interkommunalt samarbeid.<\/p>\n<p>Kapittel fire handlar om <em>St\u00e5staden til regionen i 2010<\/em> og kapittel fem syner <em>nokre utviklingstrendar<\/em>. Kapittel seks heiter <em>Fundament for samarbeid<\/em>, og det heile vert avslutta med eit kapittel som heiter <em>Oppf\u00f8lging og gjennomf\u00f8ring av planen<\/em>.<\/p>\n<p>Signe Sollien Haug\u00e5 er ansvarleg for prosjektet med \u00e5 f\u00e5 lage ein slik plan, men prosjektleiar har vore Agnete Rieber-Mohn. Design er Tress Design AS og Marit Simonstad Kvaale har teke dei fleste bileta. Og bileta dreg lesaren inn i teksten, det er slik at ein leitar og ser kva ein kan finne som er relevant for eigen situasjon. Det f\u00f8rte til at eg leita etter IKT, ettersom eg er aktiv i Setesdalswiki, som er eit IKT-prosjekt i fremste linje i Norge.<\/p>\n<p>I samandraget finn eg dette: <em>Best p\u00e5 \u00e5 take i bruk teknologi og digital infrastruktur.<\/em> Ja, tenkte eg, her ligg prinsippa som f\u00f8rer til at Setesdal Regionr\u00e5d st\u00f8r Setesdalswiki. Og eg las vidare p\u00e5 prioriterte tiltak: <em>St\u00f8tte IKT-bedrifter og teknologibasert nyskaping<\/em>. Og eg tenkte det same: Teknologibasert nyskaping, det er Setesdalswiki. Det same tenkte eg d\u00e5 eg p\u00e5 side 32 las i punkt 3: <em>Hjelpe til med \u00e5 byggje opp gode regionale nettverk og m\u00f8teplassar for n\u00e6ringslivet som stimulerer til kunnskapsdeling og samarbeid, mellom anne gjennom \u00e5 vidareutvikle Setesdalskonferansen og etablere ei sams nettside. <\/em><\/p>\n<p>D\u00e5 kunne eg ikkja seie anna enn at eg gleder meg til \u00e5 sj\u00e5 utviklinga framover og sj\u00e5 at fleire og fleire vert med p\u00e5 \u00e5 byggje opp nettsida Setesdalswiki, som er den digitale plassen for kunnskapsdeling og samarbeid. At vi difor har ein halv time med stoff fr\u00e5 Setesdalswiki i Valle Radio ein tysdagskveld, g\u00e5r rett inn i den regionale utviklingsplanen for Setesdals 2020.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Planen med dette flotte namnet er nett kome fr\u00e5 trykkeriet. Det er blitt ein fin trykksak som fortener mange lesarar, men eg er vel redd at folk luktar kommunale planar = tung lesnad, s\u00e5 legg dei det vekk til seinare, og s\u00e5 vert det ikkje noko seinare. Planen er p\u00e5 56 sider og startar med &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/regional-utviklingsplan-for-setesdal-11215025\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Regional utviklingsplan for Setesdal 2020<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-11215025","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11215025"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=11215025"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11215025\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=11215025"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=11215025"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=11215025"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}