{"id":11107951,"date":"2011-05-05T22:01:33","date_gmt":"2011-05-05T22:01:33","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/05\/setesdalskonferansen-11107951\/"},"modified":"2011-05-05T22:01:33","modified_gmt":"2011-05-05T22:01:33","slug":"setesdalskonferansen-11107951","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/setesdalskonferansen-11107951\/","title":{"rendered":"Setesdalskonferansen 2011"},"content":{"rendered":"<p>I kveld skriv eg bloggen fr\u00e5 Setesdalskonferansen 2011. Eg oppdaterte nettopp artikkelen om konferansen med informasjon om kven som vann Setesdalsprisen 2011, som vart delt ut av stortingsrepresentant Kjell Ingolf Ropstad. Vinnaren i \u00e5r var Hanna og Bj\u00f8rn Erling Auestad &#8211; Bykle Hotell. Det var stor glede i salen over at dette ekteparet fekk prisen, dei har gjort ein stor jobb med Bykle Hotell og har etter kvart ogs\u00e5 f\u00e5tt tre hotell p\u00e5 Hovden \u00e5 drive. Dei st\u00e5r p\u00e5 og skapar noko. http:\/\/www.nrk.no\/nyheter\/distrikt\/sorlandet\/1.7622316<\/p>\n<p>Konferansen, som er p\u00e5 Revsnes Hotell, har samla n\u00e6ringslivsfolk og andre fr\u00e5 heile Setesdal. I dag har det vore foredrag om tidsbruk, det er jo eit emne alle kan ha godt \u00e5 verte minna om kor viktig det er. For meg var nok foredraget til Leiv Gautestad det mest interessante. Trenaren for \u00d8IF Arendal var dyktig i \u00e5 fortelje om kva som skal til for \u00e5 skape eit team. Han krydra foredraget med opplevingar fr\u00e5 handballverda, han har jo mange landskampar og 20 \u00e5r som trenar bak seg.<\/p>\n<p>Starten av konferansen var ein presentasjon av bedrifter i Setesdal, og det var mange som ein sjeldan h\u00f8yrer om, som her fekk presentere seg. Sj\u00f8lv sa eg litt om Setesdalswiki, som no har 1200 artiklar, men som har over 4000 r\u00f8de lenker, noko som tyder p\u00e5 at det er nok \u00e5 skrive om. I l\u00f8pet av konferansen har eg og knytta kontaktar som nok vil resultere i artiklar etter kvart som tida g\u00e5r. Ein av dei eg prata ein del med, var Helga Arntzen, som skal halde 17. mai-tale p\u00e5 Rysstad i \u00e5r. De som skal feire 17. mai i Valle vil m\u00f8te ei engasjert dame som til tross for at ho har passert 70 \u00e5r, brenn for \u00e5 f\u00e5 bygd eit fredssenter p\u00e5 Landeskogen. Ho fortel at ho har budd mange stader i Norge, men aldri blitt s\u00e5 godt motteken som d\u00e5 ho kom til Bygland. Til 17. mai vil ho kome i Setesdalsbunad, ny for det store h\u00f8vet ho opplever det er \u00e5 f\u00e5 tale i Valle kommune denne dagen.<\/p>\n<p>I morgon skal vi f\u00e5 h\u00f8yre om ei bedrift som vart overk\u00f8yrd av medietoget, og etterp\u00e5 skal representantar for media diskutere medias makt. I tillegg skal fire bedrifter presenterast med film. S\u00e5 det vert ein interessant dag i morgon og. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I kveld skriv eg bloggen fr\u00e5 Setesdalskonferansen 2011. Eg oppdaterte nettopp artikkelen om konferansen med informasjon om kven som vann Setesdalsprisen 2011, som vart delt ut av stortingsrepresentant Kjell Ingolf Ropstad. Vinnaren i \u00e5r var Hanna og Bj\u00f8rn Erling Auestad &#8211; Bykle Hotell. Det var stor glede i salen over at dette ekteparet fekk prisen, &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/setesdalskonferansen-11107951\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Setesdalskonferansen 2011<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-11107951","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11107951"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=11107951"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11107951\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=11107951"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=11107951"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=11107951"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}