{"id":11071295,"date":"2011-04-28T22:32:22","date_gmt":"2011-04-28T22:32:22","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/04\/nydelege-dagar-11071295\/"},"modified":"2011-04-28T22:32:22","modified_gmt":"2011-04-28T22:32:22","slug":"nydelege-dagar-11071295","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/nydelege-dagar-11071295\/","title":{"rendered":"Nydelege dagar"},"content":{"rendered":"<p>Dei fekk h\u00f8veleg ver d\u00e5 dei skulle skifte torv p\u00e5 taket p\u00e5 Bergtun. I dag var det ikkje brennande heitt, men ein fin dag likevel. S\u00e5 fin at det godt kunne vore bord og benker ute i sentrum.<\/p>\n<p>Eg trur folk saknar bordet utanfor Valle Handel. Nokre elevar fr\u00e5 ungdomsskulen hadde visst hatt eit opplegg p\u00e5 kommunehuset i dag, og d\u00e5 det var slutt, gjekk dei opp i sentrum for \u00e5 slappe av. Men bordet dei hadde trengt, det var ikkje der, s\u00e5 dei sette seg i trappa opp til biblioteket. Der fekk dei i seg litt drivstoff i form av snop og snadder. Det s\u00e5g ut til \u00e5 vere hyggeleg.<\/p>\n<p>Men d\u00e5 eg kom tilbake ein halv time seinare, l\u00e5g bare papiret att. Det s\u00e5g ikkje ut til at nokon av dei hadde h\u00f8yrt at ein skal ta med seg s\u00f8pla n\u00e5r ein er p\u00e5 tur. Blomebedet, der det ikkje er blomar, men buskar, var fullt av papir og plast. Gunnar Hillestad kom inn p\u00e5 biblioteket etter \u00e5 ha vore ute ein tur og kommenterte det. Han sa at han hadde plukka opp det meste, det s\u00e5g f\u00e6lt ut.<\/p>\n<p>Det er tydeleg at folk saknar s\u00f8ppelboksane som i sommarsesongen st\u00e5r lagleg til i sentrum. Men ettersom sommarsesongen no er komen, er det nok p\u00e5 tide \u00e5 f\u00e5 dei ut, sj\u00f8lv om vi enno ikkje har n\u00e5dd mai. Det er forresten ikkje s\u00e5 lenge til, s\u00e5 jo fortare, jo betre.<\/p>\n<p>I dag runda Setesdalswiki 1150 artiklar. Eg har von om \u00e5 klare 1200 til Setesdalskonferansen startar i neste veke. Av ein eller annan grunn kom eg til \u00e5 snakke om Dr. John G. Arneberg, mannen bak Arnebergs legat som dei har i Bygland. Det var medan eg var p\u00e5 biblioteket, eg hadde l\u00e5nt ei bok av Furer Aa. Aavitsland som eg leverte i dag. Han etablerte og eit legat. Men Arneberg kom fr\u00e5 garden \u00c5nebj\u00f8r i Bygland vesthei.<\/p>\n<p>-Vent litt, sa Lisbeth, det er ei bok om \u00c5nebj\u00f8r. S\u00e5 gjekk ho i gang med \u00e5 leite, og d\u00e5 eg kom tilbake til biblioteket noko seinare, l\u00e5g boka der, skriven av Bjarne Bratteteig, som var forpaktar der tidleg p\u00e5 1950-talet. S\u00e5 no les eg den og tenkjer p\u00e5 slitet dei hadde der i vestheia, halvanna mil fr\u00e5 Heggland, utan veg.<\/p>\n<p>Eg bladde litt i boka, men m\u00e5 bruke litt meir tid p\u00e5 den seinare. Eg m\u00e5tte fyrst bli ferdig med <em>Himmelarkivet<\/em> av Gaute Heivoll, som eg l\u00e5nte f\u00f8r p\u00e5ske. Sterk fortelling med Mandal-tilknytning gjorde at eg vart engasjert i det eg las.  <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Dei fekk h\u00f8veleg ver d\u00e5 dei skulle skifte torv p\u00e5 taket p\u00e5 Bergtun. I dag var det ikkje brennande heitt, men ein fin dag likevel. S\u00e5 fin at det godt kunne vore bord og benker ute i sentrum. Eg trur folk saknar bordet utanfor Valle Handel. Nokre elevar fr\u00e5 ungdomsskulen hadde visst hatt eit opplegg &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/nydelege-dagar-11071295\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Nydelege dagar<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-11071295","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11071295"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=11071295"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11071295\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=11071295"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=11071295"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=11071295"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}