{"id":10968874,"date":"2011-04-07T21:27:19","date_gmt":"2011-04-07T21:27:19","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/04\/bergtun-spiseri-10968874\/"},"modified":"2011-04-07T21:27:19","modified_gmt":"2011-04-07T21:27:19","slug":"bergtun-spiseri-10968874","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/bergtun-spiseri-10968874\/","title":{"rendered":"Bergtun spiseri"},"content":{"rendered":"<p>Bergtun spiseri opnar laurdag 9. april, etter det Tina H\u00f8gevold fortalde i Valle Radio onsdagskvelden. Ho var gjest hos \u00d8yvind Jacob fr\u00e5 klokka halv ni til ni, og det vart ein triveleg halvtime.<\/p>\n<p>Fr\u00e5 \u00e5 vere det som ho tenkte som ein hobbyaktivitet i kjellaren heime, har Bleieboden vakse til \u00e5 ha 5 personar tilsett og ei omsetning p\u00e5 over 6 millionar. Alle rom heime vart sprengde, og s\u00e5 flytta dei til Nordib\u00f8, men ogs\u00e5 der vart det for trongt, s\u00e5 etter to \u00e5r m\u00e5tte dei atter finne meir plass. Dermed kj\u00f8pte dei Bergtun, og det gjev grunnlag for meir enn ein internett-butikk. Dei har og utsal for publikum i Valle, og dei sel mykje meir enn det namnet skulle tilseie. Tina fortalde om mangt og mykje ein kan finne i hyllene om ein g\u00e5r innom.<\/p>\n<p>Men Bergtun gav ogs\u00e5 h\u00f8ve til \u00e5 f\u00e5 til ein stad der folk kunne f\u00e5 seg kaffe, og b\u00e5de ho og Knut har vore p\u00e5 barista-kurs for \u00e5 l\u00e6re \u00e5 lage kaffe i moderne form, s\u00e5 ein f\u00e5r b\u00e5de espresso og andre typar kaffe om ein tek turen innom. Etter kvart kom ogs\u00e5 Kristine Bj\u00f8rgum Forde med i staben, ho har 80 prosent stilling, og d\u00e5 kom ideen om eit spiseri der folk kan kome og f\u00e5 sm\u00e5rettar p\u00e5 dagen. Dei vil ikkje ha kveldstilbod, i alle fall ikkje noko fast, men om folk har \u00f8nske om spesielle arrangement, stiller Bergtun gjerne opp. Det har jo alt vore Filosofikafe og Kvinnedag-arrangement. Fredag vert det eit arrangement for inviterte, og laurdag er f\u00f8rste opningsdagen for publikum. Men alt no har det vore ein del folk innom for \u00e5 f\u00e5 seg lunsj, gjerne slutta grupper som har bestilt.<\/p>\n<p>Det ser ikkje ut til \u00e5 verte noko overnattingstilbod p\u00e5 Bergtun. D\u00e5 m\u00e5 romma oppgraderast mykje og det er kostbart. Det har vore ei omfattande renovering av dei romma som no er tekne i bruk, b\u00e5de isolasjon og anna vedlikehald er gjort p\u00e5 bygningen. S\u00e5 f\u00e5r ein ta ting litt etter kvart, sa Tina, ein m\u00e5 passe p\u00e5 s\u00e5 \u00f8konomien g\u00e5r rundt.<\/p>\n<p>Tina er aktiv p\u00e5 mange omr\u00e5de, ho er dirigent for Setesdal syng ABBA, som skal setjast opp til hausten og som no \u00f8ver for fullt. Og s\u00e5 skal internettbutikken sine kunder f\u00e5 varene sine, s\u00e5 det er nok \u00e5 ta tak i. Ho roste samarbeidet med dei andre n\u00e6ringsdrivande i sentrum og s\u00e5g fram til dei ulike aktivitetane dei skal ha til sommaren.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Bergtun spiseri opnar laurdag 9. april, etter det Tina H\u00f8gevold fortalde i Valle Radio onsdagskvelden. Ho var gjest hos \u00d8yvind Jacob fr\u00e5 klokka halv ni til ni, og det vart ein triveleg halvtime. Fr\u00e5 \u00e5 vere det som ho tenkte som ein hobbyaktivitet i kjellaren heime, har Bleieboden vakse til \u00e5 ha 5 personar tilsett &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/bergtun-spiseri-10968874\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Bergtun spiseri<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-10968874","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10968874"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=10968874"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10968874\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=10968874"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=10968874"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=10968874"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}