{"id":10841316,"date":"2011-03-16T23:25:19","date_gmt":"2011-03-16T23:25:19","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/03\/i-staden-for-tysdagssending-10841316\/"},"modified":"2011-03-16T23:25:19","modified_gmt":"2011-03-16T23:25:19","slug":"i-staden-for-tysdagssending-10841316","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/i-staden-for-tysdagssending-10841316\/","title":{"rendered":"I staden for tysdagssending"},"content":{"rendered":"<p>Denne veka var det ikkje tysdagssending. Eg m\u00e5tte ein tur til byen midt i veka. Slike turar likar eg ikkje, men av og til er dei ikkje til \u00e5 unng\u00e5. For nokre \u00e5r sidan hadde eg nok teke sendinga tysdagskvelden og s\u00e5 reist nedover etterp\u00e5. Men denne gongen tenkte eg at eg skulle k\u00f8yre i dagslys og kome heim i skipeleg tid, slik at eg kunne vere utkvild til onsdagen.<\/p>\n<p>P\u00e5 turen nedover stoppa eg p\u00e5 Tappen p\u00e5 Bygland. Det vert noko sjeldan eg stoppar der, men det er s\u00e5 hyggeleg med den vesle kafekroken dei har f\u00e5tt, der kan ein slappe av og f\u00e5 seg ein matbit. S\u00e5 var eg innom hos Siri Johannessen, som har f\u00e5tt seg jobb i Bygland, (du hugsar ho som var med meg i nokre program i Valle Radio i haust) og fekk med dei tre fyrste Setesd\u00f8len for 2010. Eg mangla dei for \u00e5 f\u00e5 komplettert artiklane p\u00e5 Setesdalswiki med overskrifter fr\u00e5 Setesd\u00f8len 2010. No er den lista heilt bl\u00e5, det vil seie at det er artiklar om alle 108 utgjevingane. Dermed kan Setesdalswiki no fungere som innhaldsliste til Setesd\u00f8len for 2010. Dei minste notisane er ikkje tekne med, men elles er det meste med. S\u00e5 om du lurer p\u00e5 noko du meiner du har lese i Setesd\u00f8len, men ikkje hugsar kva nummer det var, kan du s\u00f8ke p\u00e5 Setesdalswiki. Om du har teke vare p\u00e5 avisa for 2010, kan du g\u00e5 og finne artikkelen og lese det som stod der.<\/p>\n<p>Hugsar du at det vart skote ein jerv i fjor. S\u00f8k p\u00e5 jerv p\u00e5 Setesdalswiki og du finn at det var omtalt i nr. 32, 2010. P\u00e5 side 6 st\u00e5r det: Skaut jerv ved B\u00e5nevatn i Bykle. Det er til og med ein artikkel om dette vatnet. Artikkeln har kart og i den st\u00e5r det at jerven var 14 kilo. Det var Statens Naturoppsyn som skaut jerven. Det er og lenke til ein artikkel i Stavanger Aftenblad om dette.<\/p>\n<p>M\u00e5let mitt er at folk skal kunne bruke Setesdalswiki til \u00e5 finne informasjon om laust og fast i Setesdal. Dei tre avisene hjelpte meg n\u00e6rare m\u00e5let. Vel heime i Mandal brukte eg noko tid p\u00e5 \u00e5 f\u00e5 p\u00e5 plass nokre artiklar basert p\u00e5 desse avisene. Eg ville gjerne at vi skulle runde 1000 artiklar i Setesdalswiki denne veka. Det ser ut til at vi klarer det. N\u00e5r eg skriv dette, er det bare 17 artiklar att til det m\u00e5let.<\/p>\n<p>P\u00e5 turen oppover i dag fekk eg meg middag p\u00e5 Pernille. Der m\u00f8tte eg Jorunn Lund Tveit og mannen Olav Tveit. Dei ville p\u00e5 konsert med Lindesnes Trekkspelklubb. Den konserten var i kveld, og ikkje neste onsdag, som Helene ved ein feil kom til \u00e5 skrive i g\u00e5rsdagens Setesd\u00f8len. Den feilen f\u00f8rte til at kveldens konsert vart omtalt p\u00e5 S\u00f8rlandssendinga fleire gonger i dag, s\u00e5 eg vonar at dei som ville p\u00e5 konserten, kom seg dit. Sj\u00f8lv sette eg kursen nordover for \u00e5 h\u00f8yre p\u00e5 Valle Radio. Men eg stoppa p\u00e5 Tappen i Bygland p\u00e5 turen oppover og. Like hyggeleg denne gongen. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Denne veka var det ikkje tysdagssending. Eg m\u00e5tte ein tur til byen midt i veka. Slike turar likar eg ikkje, men av og til er dei ikkje til \u00e5 unng\u00e5. For nokre \u00e5r sidan hadde eg nok teke sendinga tysdagskvelden og s\u00e5 reist nedover etterp\u00e5. Men denne gongen tenkte eg at eg skulle k\u00f8yre i &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/i-staden-for-tysdagssending-10841316\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">I staden for tysdagssending<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-10841316","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10841316"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=10841316"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10841316\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=10841316"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=10841316"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=10841316"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}