{"id":10744992,"date":"2011-03-02T21:05:43","date_gmt":"2011-03-02T21:05:43","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/03\/vinterferie-onsdag-10744992\/"},"modified":"2011-03-02T21:05:43","modified_gmt":"2011-03-02T21:05:43","slug":"vinterferie-onsdag-10744992","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/vinterferie-onsdag-10744992\/","title":{"rendered":"Vinterferie-onsdag"},"content":{"rendered":"<p>Onsdag midt i vinterferien var det Ronny som hadde ansvaret for sendinga. Det kom ikkje noko program i Setesd\u00f8len i g\u00e5r, s\u00e5 her er programmet, slik det s\u00e5g ut p\u00e5 Facebook-sida til Valle Radio:<\/p>\n<p>Ansvarleg: Ronny Stavsholt<br \/>\nTekniker: Torhild Sandnes<br \/>\nTelefonvakt: Torbj\u00f8rg Hoftuft og Jorunn Lund Harstad<\/p>\n<p>18.00 Aktuell time &#8211; Jaktprat med Ragnar Aspholm<br \/>\n19.00 Tankar fr\u00e5 bibelen m\/ Bj\u00f8rgulv T. Berg<br \/>\n19.30 Kommunen informerer m\/ Merethe Mykland Johansen<br \/>\n20.00 Musikkprogram m\/ Selma og Katrine<br \/>\n20.30 Ronnys halvtime<br \/>\n21.00 Opi sending m\/ Rolf-Erik Homme og Henri Tore Viki<\/p>\n<p>Nettradio : http:\/\/valleradio.com\/<br \/>\nLes bloggen: http:\/\/valleradio.blogs.no\/<br \/>\nRing inn svar p\u00e5 rebusar eller helsingar: tlf 379 37 577<br \/>\nMailadr: post@valleradio.com<\/p>\n<p>I grunnen hadde eg og Reidun planar om \u00e5 delta p\u00e5 Sangkveld p\u00e5 Mandal Sykehjem i kveld, men forkj\u00f8linga mi sette ein stoppar for det. I staden fann eg Valle Radio p\u00e5 datamaskinen og h\u00f8yrde litt p\u00e5 den aktuelle sendinga, samtalen med Ragnar Aspholm var interessant. Mellom anna snakka dei om at det etter kvart er blitt eit kr\u00e5keproblem i Valle, og at Ragnar hadde planar om \u00e5 fange kr\u00e5ker i feller. Kr\u00e5kene tek mykje egg og ungar fr\u00e5 andre fuglar, s\u00e5 om bestanden av kr\u00e5ker vert for stor, vil det g\u00e5 ut over det biologiske mangfaldet i omr\u00e5det.<\/p>\n<p>Dei snakka og om store hjortedyra sine problem i all sn\u00f8en. Ragnar fortalde at kvar dag st\u00e5r ein flokk hjortar p\u00e5 Vegstasjonen om kvelden og ventar p\u00e5 at P\u00e5l Dale skal leggje ut rundballar til sauene. D\u00e5 tek dei over elva og jagar vekk sauene for \u00e5 f\u00e5 maten.<\/p>\n<p>Tidlegare i dag ringde Bj\u00f8rgulv T, Berg meg. Han skulle til Kristiansand i kveld og lurte p\u00e5 om eg hadde noko til andakten i kveld. Sj\u00f8lv hadde han eit opptak med Viggo Wilhelmsen, men han kunne ikkje kome i radioen i kveld, og d\u00e5 trudde han det ikkje ville fungere. Eg meinte at det kunne sikkert teknikaren f\u00e5 til, med noko musikk f\u00f8r og etter. Men d\u00e5 klokka var sju, h\u00f8yrdest det ut til at Ronny ikkje hadde f\u00e5tt melding fr\u00e5 Bj\u00f8rgulv, s\u00e5 han lurte veldig. Det enda opp med at han sende countrymusikk den halvtimen. Av og til fungerer ikkje l\u00f8ysingane slik ein hadde trudd. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Onsdag midt i vinterferien var det Ronny som hadde ansvaret for sendinga. Det kom ikkje noko program i Setesd\u00f8len i g\u00e5r, s\u00e5 her er programmet, slik det s\u00e5g ut p\u00e5 Facebook-sida til Valle Radio: Ansvarleg: Ronny Stavsholt Tekniker: Torhild Sandnes Telefonvakt: Torbj\u00f8rg Hoftuft og Jorunn Lund Harstad 18.00 Aktuell time &#8211; Jaktprat med Ragnar Aspholm &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/vinterferie-onsdag-10744992\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Vinterferie-onsdag<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[54],"class_list":["post-10744992","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-program"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10744992"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=10744992"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10744992\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=10744992"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=10744992"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=10744992"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}