{"id":10586434,"date":"2011-02-13T22:43:24","date_gmt":"2011-02-13T22:43:24","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/02\/tro-hopp-och-k-257-rlek-10586434\/"},"modified":"2011-02-13T22:43:24","modified_gmt":"2011-02-13T22:43:24","slug":"tro-hopp-och-k-257-rlek-10586434","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/tro-hopp-och-k-257-rlek-10586434\/","title":{"rendered":"Tro, hopp och k&amp;#257;rlek"},"content":{"rendered":"<p>I dag har det blitt mykje TV-sj\u00e5ing, s\u00e5 kveldens blogg hentar inspirasjon fr\u00e5 noko eg fekk med meg derifr\u00e5.<\/p>\n<p>Det har vore hopprenn i Vikersund denne helga, og i f\u00f8remiddag var det ein sv\u00e6rt kort gudsteneste f\u00f8r rennet starta. Presten fortalde der at han hadde hatt gudsteneste ein stad i samband med ein hoppkonkonkurranse, og etter gudstenesta hadde ein svensk tilskodar kome til han og sagt at han den flottaste teksten i Bibelen stod i 1. Korintarbrev kapittel 13. S\u00e5 siterte han p\u00e5 svensk: 13 Men nu best\u00e5r tro, hopp och k\u00e4rlek, dessa tre, och st\u00f6rst av dem \u00e4r hopp.<\/p>\n<p>Ein kunne nok oppleve det slik om ein s\u00e5g p\u00e5 TV i dag. Skiflyging er ikkje for vanlege folk, men du verden kor flott det er \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5, og verdsrekordhoppet p\u00e5 246,5 meter kunne ein gjerne sj\u00e5 om att og om att,<\/p>\n<p>I kveld kom eg til \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 filmen Sister Act 2 som gjekk p\u00e5 FEM. Eg kom inn litt uti filmen og fekk ikkje med meg starten, d\u00e5 fylgde eg med p\u00e5 slektsgransking med Petter Scherven. Men Whoppi Goldberg, som spelar nonna som kjem som songl\u00e6rar p\u00e5 ein nedsliten high school, klarar ved hjelp av songen <em>Joyful, joyful, we adore Thee<\/em> \u00e5 skape syne b\u00e5de tro, hopp och k\u00e4rlek for desillusjonerte ungdomar og \u00e5 vinne korkonkurransen dei er med i. Denne songen minna meg om Crystal Cathedral, det er kjenningsmelodi der, sj\u00e5<br \/>\nhttp:\/\/www.crystalcathedral.org\/hour_of_power\/calendar\/index.php<\/p>\n<p>Veldig mykje i livet kviler p\u00e5 dette. Men det var fyste gongen eg h\u00f8yrde den tolkninga som presten i kyrkja i Vikersund hadde i dag.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag har det blitt mykje TV-sj\u00e5ing, s\u00e5 kveldens blogg hentar inspirasjon fr\u00e5 noko eg fekk med meg derifr\u00e5. Det har vore hopprenn i Vikersund denne helga, og i f\u00f8remiddag var det ein sv\u00e6rt kort gudsteneste f\u00f8r rennet starta. Presten fortalde der at han hadde hatt gudsteneste ein stad i samband med ein hoppkonkonkurranse, og &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/tro-hopp-och-k-257-rlek-10586434\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Tro, hopp och k&amp;#257;rlek<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-10586434","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10586434"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=10586434"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10586434\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=10586434"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=10586434"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=10586434"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}