{"id":10576755,"date":"2011-02-12T23:56:15","date_gmt":"2011-02-12T23:56:15","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/02\/valleburger-10576755\/"},"modified":"2011-02-12T23:56:15","modified_gmt":"2011-02-12T23:56:15","slug":"valleburger-10576755","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/valleburger-10576755\/","title":{"rendered":"Valleburger"},"content":{"rendered":"<p>I onsdagens radiosending snakka Ketil Homme og Silje Brottveit, som har teke over som drivarar av Esso-stasjonen i Valle om at dei ville pr\u00f8ve \u00e5 f\u00e5 til noko kortreist mat, til d\u00f8mes Valleburger. Den skulle vere basert p\u00e5 kj\u00f8t fr\u00e5 dyra til Valle Naturkj\u00f8t, etter det eg forstod. No er det ikkje s\u00e5 ofte at eg kj\u00f8per mat p\u00e5 Esso i Valle, men eg pr\u00f8vde b\u00e5de komper og annan snaddermat der medan Erna og Will dreiv. Maten var god den, pommes frites smakar og godt av og til.<\/p>\n<p>Om det skulle lukkast \u00e5 f\u00e5 til Valleburger og den g\u00e5r over alt det andre gode av hurtigmat ein kan f\u00e5 seg, b\u00e5de i smak og pris, s\u00e5 hadde det vore ei glede om det vart parkeringskaos i sentrum av folk som skulle innom Valle Bensin og f\u00e5 seg Valleburger. No trur eg nok ikkje at det skjer, ikkje eingong p\u00e5 fredagskveldane og sundagskveldane. Men det er fint at ein tenkjer p\u00e5 kva ein kan gjere for \u00e5 f\u00e5 folk til \u00e5 stoppe. Eg eg er glad at dei som no starta opp, hadde mot p\u00e5 det. Det vil nok bli lange dagar for \u00e5 halde drifta i gang.<\/p>\n<p>Eg h\u00f8yrde ein som kommenterte at kommunane ville f\u00e5 utflytta setesd\u00f8lar til \u00e5 flytte tilbake. -Det ser ut til at ein helst vil ha grundarar her, for ledige jobbar i det lokale n\u00e6ringslivet er ikkje lett \u00e5 oppdrive. Den som snakka, tenkte p\u00e5 n\u00e6ringslivet i heile Setesdal d\u00e5 kommentaren kom. Den som har pr\u00f8vd \u00e5 f\u00e5 jobb i Setesdal dei siste \u00e5ra, har sjeldan funne ein annonse om ledig stilling i Setesd\u00f8len. Ein og annan stilling i det offentlege vert lyst ut, men sj\u00f8l dei g\u00e5r gjerne til folk som alt har ein fot innanfor. Unntaket er jobbar som krev ei fagutdanning. Men ogs\u00e5 der er det ulike erfaringar, ein har m\u00e5tta rekruttere folk til arbeid i helsesektoren fr\u00e5 Baltikum ikkje bare i Valle. Og innan turistbransjen er det gjestearbeidarar fr\u00e5 heile Norden. Men ein dansk eller svensk person i turistbransjen kan vanskeleg profilere lokal matkultur. Der har Silje og Kjetil betre f\u00f8resetnader enn dei fleste.<\/p>\n<p>Lukke til!<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I onsdagens radiosending snakka Ketil Homme og Silje Brottveit, som har teke over som drivarar av Esso-stasjonen i Valle om at dei ville pr\u00f8ve \u00e5 f\u00e5 til noko kortreist mat, til d\u00f8mes Valleburger. Den skulle vere basert p\u00e5 kj\u00f8t fr\u00e5 dyra til Valle Naturkj\u00f8t, etter det eg forstod. No er det ikkje s\u00e5 ofte at &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/valleburger-10576755\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Valleburger<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-10576755","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10576755"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=10576755"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10576755\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=10576755"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=10576755"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=10576755"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}