{"id":10559361,"date":"2011-02-10T22:41:28","date_gmt":"2011-02-10T22:41:28","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/02\/meir-om-reinshornheii-10559361\/"},"modified":"2011-02-10T22:41:28","modified_gmt":"2011-02-10T22:41:28","slug":"meir-om-reinshornheii-10559361","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/meir-om-reinshornheii-10559361\/","title":{"rendered":"Meir om Reinshornheii"},"content":{"rendered":"<p>Onsdag 27. januar skreiv eg om Reinshornheii, h\u00f8gaste fjellet i Bygland. Det er ikkje alltid s\u00e5 lett \u00e5 vite kven som les bloggen min, men i dag m\u00f8tte eg ein lesar og den historia har eg lyst \u00e5 fortelje i kveld.<\/p>\n<p>I bloggen den gongen fortalde eg at det var eit bilete i Setesd\u00f8len fr\u00e5 i sommar som hadde f\u00e5tt meg til \u00e5 skrive om Reinshornheii p\u00e5 Setesdalswiki. Fotografen var Reidar Tveito. Eg visste ikkje meir om han d\u00e5, men i dag fekk eg eit brev fr\u00e5 han, det var noko stort og innhaldet synte seg \u00e5 vere ei bok han har laga, <em>Dei h\u00f8gaste fjell og nutar langs b\u00e5e sider av Otra<\/em>, ei gjennomillustrert biletbok p\u00e5 52 sider i A4-format med flotte fargebilete fr\u00e5 turar til 8 toppar i Bygland kommune. Eg las til auga vart stort, imponert.<\/p>\n<p>Etter \u00e5 ha lese leita eg fram telefonnummeret hans og ringte for \u00e5 takke for den uventa g\u00e5va. I l\u00f8pet av samtalen inviterte eg han til m\u00f8tet om Setesdalswiki som skulle vere p\u00e5 Bygland i kveld, og ettersom han ikkje hadde noko anna p\u00e5 timeplanen, kom han og var med p\u00e5 m\u00f8tet. D\u00e5 fortalde han at han hadde s\u00f8kt p\u00e5 eige namn p\u00e5 internett og d\u00e5 funne at han var nemnd p\u00e5 bloggen min. Der var det og lenke til artikkelen om Reinshornheii p\u00e5 Setesdalswiki, s\u00e5 han fann det eg hadde skrive der. Difor vart han nysgjerrig og ville gjerne vite meir,<\/p>\n<p>F\u00f8r telefonsamtalen med han hadde eg lagt inn eit nytt avsnitt i artikkelen om Reinshornheii. Eg kalla det litteratur og la inn boka med ISBN-nummer. I kveld, d\u00e5 vi trykte p\u00e5 lenka, synte det seg at boka var s\u00e5 ny at nummeret ikkje var registrert i nasjonalbiblioteket enno. Det kjem visst noko i Setesd\u00f8len om boka i morgon.<\/p>\n<p>Eg laga og lenke p\u00e5 boktittelen, og i telefonen fortalde eg at eg ville skrive om boka og leggje ut innhaldslista, slik at folk kunne sj\u00e5 kva for fjell og nutar det var tale om. Den artikkelen laga eg s\u00e5 ettar at vi hadde snakka saman. P\u00e5 m\u00f8tet p\u00e5 Bygland i kveld synte eg s\u00e5 korleis ein kunnne lage lenker til desse fjella og i neste runde skrive artiklar om dei. Dei artiklane vil vel kome etter kvart.<\/p>\n<p>http:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/Dei_h%C3%B8gaste_fjell_og_nutar_langs_b%C3%A5e_sider_av_Otra<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Onsdag 27. januar skreiv eg om Reinshornheii, h\u00f8gaste fjellet i Bygland. Det er ikkje alltid s\u00e5 lett \u00e5 vite kven som les bloggen min, men i dag m\u00f8tte eg ein lesar og den historia har eg lyst \u00e5 fortelje i kveld. I bloggen den gongen fortalde eg at det var eit bilete i Setesd\u00f8len fr\u00e5 &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/meir-om-reinshornheii-10559361\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Meir om Reinshornheii<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-10559361","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10559361"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=10559361"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10559361\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=10559361"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=10559361"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=10559361"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}