{"id":10530116,"date":"2011-02-06T21:48:04","date_gmt":"2011-02-06T21:48:04","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/02\/aktuelt-ein-fredagskveld-10530116\/"},"modified":"2011-02-06T21:48:04","modified_gmt":"2011-02-06T21:48:04","slug":"aktuelt-ein-fredagskveld-10530116","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/aktuelt-ein-fredagskveld-10530116\/","title":{"rendered":"Aktuelt ein fredagskveld 3"},"content":{"rendered":"<p>Bj\u00f8rn Ropstad er styreleiar i Setesdal Regionr\u00e5d, og Signe Signe Sollien Haug\u00e5 hadde f\u00e5tt han til \u00e5 vere regionr\u00e5det sin talsmann denne fredagskvelden. Dermed vart det meir snakk om den politiske sida enn om dei aktuelle prosjekta. Og dei fire kommunane legg no 1,5 mill kvar i potten til regionr\u00e5det, d\u00e5 det vart starta opp, la Bykle \u00e5rleg 8 mill inn. I tillegg kjem pengar fr\u00e5 stat og fylke, s\u00e5 regionr\u00e5det har ein trygg \u00f8konomi og h\u00f8ve til \u00e5 st\u00f8tte prosjekt som kan f\u00e5 n\u00e6ringslivet i Setesdal til \u00e5 bl\u00f8me.<\/p>\n<p>Eg spurde om han s\u00e5g ei framtid for regionr\u00e5det, og han sa at det var etablert som eit varig organ, det er ikkje tale om \u00e5 leggje ned Setesdal Regionr\u00e5d. Iveland var med f\u00f8r, men dei vende seg mot kysten og etter ei oppseiingstid p\u00e5 to \u00e5r, gjekk dei ut av regionr\u00e5det. No vil b\u00e5de Iveland og Evje og Hornnes kommune over til Vest-Agder og legg opp til folkeavstemming i samband med valet til hausten. Bj\u00f8rn Ropstad meinte det ikkje ville bli noko problem \u00e5 vere med i Setesdal Regionr\u00e5d om kommunen hans gjekk over til nabofylket og dei andre vart verande i Aust-Agder, sj\u00f8lv om han vona at alle vart med over til vest om det vart nei-fleirtal i avstemminga som fylket skal halde.<\/p>\n<p>I l\u00f8pet av samtalen snudde rollane seg, for ordf\u00f8raren i Evje og Hornnes kommune, som no er styreleiar i Setesdal Regionr\u00e5d, ville vite meir om Setesdalswiki. Han hugsa at eg hadde fortalt om dette prosjektet p\u00e5 Setesdalskonferansen 2010 p\u00e5 S\u00f8lvgarden og ville gjerne at eg fortalde meir om dette.<\/p>\n<p>Eg kunne d\u00e5 fortelje at Setesdal Regionr\u00e5d hadde arrangert eit m\u00f8te p\u00e5 S\u00f8lvgarden for \u00e5 dr\u00f8fte korleis ein skulle kome vidare i arbeidet med dette regionale leksikonet. Der hadde ein kome til at det burde haldast informasjonsm\u00f8te i alle kommunane. S\u00e5 eg fortalde at det alt har vore m\u00f8te i Valle kommune, komande torsdag klokka 18 skal det vere m\u00f8te i kommunestyresalen i Bygland  og at eg ogs\u00e5 vil ha slike m\u00f8te i Evje og Hornnes  kommune og i Bykle kommune.<\/p>\n<p>Setesdalswiki er det einaste regionale leksikonet som alle kan skrive i. Det finst regionale leksikon for Sogn og Fjordane fylke og for Nordland fylke, men dei er det bare tilsette i NRK som kan skrive i, det er NRK som driv dei. Setesdalswiki fungerer p\u00e5 same m\u00e5te som Wikipedia, men har rom for informasjon som er regional og kommunal og som ikkje vil kunne f\u00e5 plass i eit nasjonalt leksikon som Wikipedia. S\u00e5 eg utfordra han til \u00e5 pr\u00f8ve.<\/p>\n<p>Vi var ogs\u00e5 innom Riksveg 9, som har vore noko av det sterkaste satsingsomr\u00e5det til Setesdal Regionr\u00e5d. Bj\u00f8rn Ropstad viste der til artikkelen som stod i F\u00e6drelandsvennen torsdag, der det og var lista opp parsellar som end\u00e5 ikkje hadde f\u00e5tt gul midtstripe. Lokal finansiering p\u00e5 100 millionar kroner burde gjere det greitt \u00e5 kome vidare med dette, ikkje mange stader ein f\u00e5r s\u00e5 stor lokal medverknad. M\u00c5let er gul midtstripe fr\u00e5 Kristiansand til Hovden innan 2020.<\/p>\n<p>I desse halvtimane med offentleg informasjon pr\u00f8ver vi \u00e5 ha litt musikk, men det vart det ikkje tid til i samtalen med Bj\u00f8rn Ropstad. Plutseleg var klokka 20.00 og neste programpost skulle p\u00e5 lufta. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Bj\u00f8rn Ropstad er styreleiar i Setesdal Regionr\u00e5d, og Signe Signe Sollien Haug\u00e5 hadde f\u00e5tt han til \u00e5 vere regionr\u00e5det sin talsmann denne fredagskvelden. Dermed vart det meir snakk om den politiske sida enn om dei aktuelle prosjekta. Og dei fire kommunane legg no 1,5 mill kvar i potten til regionr\u00e5det, d\u00e5 det vart starta opp, &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/aktuelt-ein-fredagskveld-10530116\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Aktuelt ein fredagskveld 3<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-10530116","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10530116"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=10530116"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10530116\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=10530116"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=10530116"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=10530116"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}