{"id":10463790,"date":"2011-01-29T23:57:08","date_gmt":"2011-01-29T23:57:08","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/01\/onsdagskveld-med-og-utan-sprsmal-10463790\/"},"modified":"2011-01-29T23:57:08","modified_gmt":"2011-01-29T23:57:08","slug":"onsdagskveld-med-og-utan-sprsmal-10463790","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/onsdagskveld-med-og-utan-sprsmal-10463790\/","title":{"rendered":"Onsdagskveld med og utan sp\u00f8rsm\u00e5l"},"content":{"rendered":"<p>I sendinga fr\u00e5 kommunestyretm\u00f8tet onsdagskvelden var det til og med kome inn sp\u00f8rsm\u00e5l til den offentlege sp\u00f8rjetimen. Det er ikkje s\u00e5 ofte folk nyttar seg av denne, men Sissel \u00c5kre hadde to sp\u00f8rsm\u00e5l til ordf\u00f8raren denne kvelden.<\/p>\n<p>F\u00f8rst var det f\u00f8respurnad fr\u00e5 Valle bygdekvinnelag ved Sissel \u00c5kre om Menighetshus og kyrkjestoge. Bakgrunnen er at Menighetshuset ikkje lenger er kyrkjelyden sitt hus, men seld til Valle kommune. Implisitt i sp\u00f8rsm\u00e5let l\u00e5g nok tanken om kva ein skal gjere med huset, det er visst ikkje heilt avklart enno. Eksplisitt l\u00e5g i sp\u00f8rsm\u00e5let uro over korleis Valle bygdekvinnelag skulle f\u00e5 arrangert basaren som dei pleier \u00e5 ha p\u00e5 sauesj\u00e5dagen, siste \u00e5ret tok vinden teltet dei hadde rigga til for \u00e5 erstatte Menighetshuset, s\u00e5 dei m\u00e5tte flytte til Menighetshuset likevel utan \u00e5 ha f\u00f8rebudd noko der.<\/p>\n<p>Ordf\u00f8rar Bj\u00f8rgulv Sverdrup Lund svara at kommunen neppe hadde realisert planane dei hadde for meninghetshuset til sauesj\u00e5et neste \u00e5r, s\u00e5 Valle bygdekvinnelag kunne nok rekne med \u00e5 f\u00e5 l\u00e5ne huset neste \u00e5r ogs\u00e5.<\/p>\n<p>Deretter var det F\u00f8respurnad fr\u00e5 Valle M\u00e5llag ved Sissel \u00c5kre om oppvask etter kulturarrangement p\u00e5 Soknehuset og i Kultursenteret. F\u00f8r har det vore reinhaldaren som ogs\u00e5 vaskar opp, men no er det slutt p\u00e5 den ordninga, som Sissel syntest hadde vore ei god ordning. N\u00e5r ein har rigga romet til arrangementet og deretter rydda romet tilbake til slik det var f\u00f8r arrangementet, burde ein sleppe \u00e5 st\u00e5 til langt p\u00e5 kveld med oppvasken, meinte ho.<\/p>\n<p>Her svara ordf\u00f8raren at om ein ville unng\u00e5 rydding og oppvask, kunne ein legge arrangementet til Sylvgarden eller Valle Motell. Han skj\u00f8na likevel at dette ikkje h\u00f8vde i alle situasjonar og meinte difor at kommunen som leier ut huset, kunne ha eit tilbod om oppvask til sj\u00f8lvkost, det vil seie at laget eller forneinga betalar det som det kostar kommunen \u00e5 engasjere ein reinhaldar til \u00e5 gjere jobben. Dette var no til vurdering hos teknisk etat.<\/p>\n<p>Sp\u00f8rjelyst var det og hj\u00e5 representantane d\u00e5 ein kom til deira sp\u00f8rjetime. Liv Bratlie L\u00f8yland spurde om partnerskap vedr\u00f8rande NAV og Steinar Kyrvestad spurde om bensinstasjonen i Valle. Det fyrste sp\u00f8rsm\u00e5let fekk eg ikkje heilt med meg samanhengen til, for eg fekk ein telefon akkurat d\u00e5. Det andre handla om at Essostasjonen i Valle er stengd og at det er tungvindt \u00e5 fylle diesel til traktor p\u00e5 kanner p\u00e5 Rysstad, s\u00e5 ordf\u00f8raren, som og er forstanderskapsleiar i Valle Sparebank, burde presse p\u00e5 banken for at det kunne vere drivstoff p\u00e5 tankane for \u00e5 fylle med kort i det minste. Det ville ordf\u00f8raren ta med seg vidare.<\/p>\n<p>S\u00e5 starta den vanlege sakshandsaminga, og d\u00e5 var det ikkje s\u00e5 stor sp\u00f8rjelyst eller diskusjonslyst, s\u00e5 litt f\u00f8r klokka 20 var dei klare til \u00e5 f\u00e5 kaffe og vaflar i Matstoga.<\/p>\n<p>Til samanlikning h\u00f8yrde eg at kommunestyret i Bygland kvelden etter heldt p\u00e5 til klokka halv eitt, og bare fekk litt kringle til servering for eit m\u00f8te som varte i over seks timar. Ei kommunesamansl\u00e5ing kunne kanskje vere ein tanke, i alle fall for byglendingane.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I sendinga fr\u00e5 kommunestyretm\u00f8tet onsdagskvelden var det til og med kome inn sp\u00f8rsm\u00e5l til den offentlege sp\u00f8rjetimen. Det er ikkje s\u00e5 ofte folk nyttar seg av denne, men Sissel \u00c5kre hadde to sp\u00f8rsm\u00e5l til ordf\u00f8raren denne kvelden. F\u00f8rst var det f\u00f8respurnad fr\u00e5 Valle bygdekvinnelag ved Sissel \u00c5kre om Menighetshus og kyrkjestoge. Bakgrunnen er at Menighetshuset &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/onsdagskveld-med-og-utan-sprsmal-10463790\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Onsdagskveld med og utan sp\u00f8rsm\u00e5l<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-10463790","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10463790"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=10463790"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10463790\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=10463790"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=10463790"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=10463790"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}