{"id":10455712,"date":"2011-01-28T23:31:09","date_gmt":"2011-01-28T23:31:09","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/01\/siste-tysdagssending-i-januar-10455712\/"},"modified":"2011-01-28T23:31:09","modified_gmt":"2011-01-28T23:31:09","slug":"siste-tysdagssending-i-januar-10455712","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/siste-tysdagssending-i-januar-10455712\/","title":{"rendered":"Siste tysdagssending i januar"},"content":{"rendered":"<p>Eg pleier jo \u00e5 skrive om sendingane mine her p\u00e5 bloggen, men eg ser at eg ikkje har skrive om siste tysdagssendinga i januar, og d\u00e5 kan eg jo gjere det i kveld, sj\u00f8lv om det alt er nokre dagar sidan.<\/p>\n<p>D\u00e5 eg kom i radioen tysdagskvelden, var alt daudt, M\u00e5ndag var det straumbrot i Valle, eg trur straumen gjekk og kom \u00e5tte-ti gonger p\u00e5 eit par timar, D\u00e5 klarte ikkje sikringane til datamaskinane \u00e5 halde, s\u00e5 eg m\u00e5tte starte opp alle maskinane f\u00f8r eg kunne logge inn i programbanken og hente Over ein open Bibel og M\u00f8teplassen.<\/p>\n<p>Dei siste gongene har eg klart \u00e5 kome p\u00e5 lufta utan noko s\u00e6rlege problem, det gjekk bra denne tysdagen og. Du som les bloggen, hadde nok f\u00e5tt med deg k\u00e5seriet mitt, det heitte Til luft og til vanns. S\u00e5 var det andakt ved Oddvar S\u00f8vik, Han talte i Bykle kyrkje 15. oktober 2010.<\/p>\n<p>Country Gospel timen ved Per Govertsen gjekk fr\u00e5 halv sju til halv \u00e5tte. No f\u00e5r eg programma p\u00e5 CD, og d\u00e5 er det ikkje noko problem \u00e5 spele dei. Eg er glad for programma, sj\u00f8lv om eg ikkje kjem til \u00e5 nytte dei kvar tysdag. Ettersom eg bare har sending ein gong i veka, vert det noko einsformig \u00e5 bruke same stilen kvar gong.<\/p>\n<p>Halv \u00e5tte snakka eg med Sissa Ringstad om Prestegjeldsaksjonen 2011, og klokka \u00e5tte var det M\u00f8teplassen, der Norea Mediemisjon hadde laga eit program med intervju med ei kvinne som var aktiv misjon\u00e6r i Etiopia sj\u00f8lv om ho var over \u00e5tti \u00e5r.<\/p>\n<p>Til slutt var det Postludium, og det var eg som hadde ansvaret for det denne kvelden. Eg likar godt \u00e5 h\u00f8yre Felix Hell spele orgel, s\u00e5 eg fann han p\u00e5 Spotify og nytta ei plate fr\u00e5 2005. D\u00e5 fekk folk h\u00f8yre Josef Rheinbergers Abendfriede, Finale av Louis Vierne fr\u00e5 hans fyrste orgelsymfoni og til slutt Franz Liszt sin komposisjon Preludium og fuge over B-A-C-H. Felix Hell spelte p\u00e5 orgelet i First-Plymouth Congregational Church, Lincoln, Nebraska, USA. Det er eit Schoenstein-orgel av h\u00f8g kvalitet fr\u00e5 midt p\u00e5 1990-talet og programmet var str\u00e5lande gjennomf\u00f8rt. Det er rart \u00e5 tenke p\u00e5 at vi m\u00f8tte denne organisten i Tr\u00f8ndelag for nokre \u00e5r sidan, d\u00e5 spelte han fleire konsertar der oppe, og vi la sommarferien dit for \u00e5 h\u00f8yre han, noko som var ei stor oppleving, d\u00e5 var han kanskje bare 15-16 \u00e5r, alt d\u00e5 ein virtuos, no ein etablert konsertorganist som har gjeve konsertar over heile verda.<\/p>\n<p>S\u00e5 runda eg av heile programmet med Kyrkjebakken, ikkje s\u00e5 mykje \u00e5 melde om tysdagskvelden. Men eg avslutta med musikk av Guttane, som skal halde konsert i Valle kyrkje i morgon kveld. Og s\u00e5 let eg platene snurre til halv elleve medan eg arbeidde litt vidare med stoff til Setesdalswiki fr\u00e5 kveldens program. Det kan du lese her: http:\/\/www.eskeland.net\/setesdalswiki\/Tysdagsprogram_25._januar_2011<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Eg pleier jo \u00e5 skrive om sendingane mine her p\u00e5 bloggen, men eg ser at eg ikkje har skrive om siste tysdagssendinga i januar, og d\u00e5 kan eg jo gjere det i kveld, sj\u00f8lv om det alt er nokre dagar sidan. D\u00e5 eg kom i radioen tysdagskvelden, var alt daudt, M\u00e5ndag var det straumbrot i &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/siste-tysdagssending-i-januar-10455712\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Siste tysdagssending i januar<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-10455712","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10455712"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=10455712"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10455712\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=10455712"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=10455712"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=10455712"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}