{"id":10439682,"date":"2011-01-26T23:33:53","date_gmt":"2011-01-26T23:33:53","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/01\/kommunestyremte-januar-10439682\/"},"modified":"2011-01-26T23:33:53","modified_gmt":"2011-01-26T23:33:53","slug":"kommunestyremte-januar-10439682","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/kommunestyremte-januar-10439682\/","title":{"rendered":"Kommunestyrem\u00f8te januar 2011"},"content":{"rendered":"<p>Dette var programmet i Valle Radio i kveld. Det starta klokka 18, og eg trur folk sat rundt kaffebordet i matstoga klokka 20. D\u00e5 hadde dei h\u00f8yrt Lasse Eidskrem fortelje om reiselivssatsinga i Setesdal.<\/p>\n<p>Til ei forandring var det offentleg sp\u00f8rjetime, og Sissel \u00c5kre nytta h\u00f8vet til \u00e5 stille to sp\u00f8rsm\u00e5l i kveld. F\u00f8rst p\u00e5 vegner av Valle bygdekvinnelag, d\u00e5 lurte ho p\u00e5 korleis det gjekk med planane om kyrkjestove og om bygdekvinnelaget kunne rekne med \u00e5 bruke Menighetshuset til basaren sin ogs\u00e5 under sauesj\u00e5et i 2011. Det meinte ordf\u00f8rar Bj\u00f8rgulv Sverdrup Lund at dei kunne, han rekna ikkje med at huset kom til \u00e5 bli rive i \u00e5r. Det neste sp\u00f8rsm\u00e5let gjaldt oppvask i Soknehuset og Storstoga. F\u00f8r var det reinhaldar p\u00e5 dei to plassene som stod for denne oppvasken, no m\u00e5 ein vaske sj\u00f8lv etter arrangementet. Her meinte ordf\u00f8raren at det var bare rett og rimeleg at ein ogs\u00e5 tok oppvasken, men teknisk etat skulle sj\u00e5 p\u00e5 om det var r\u00e5d \u00e5 f\u00e5 til ei ordning der ein kunne f\u00e5 nokon til \u00e5 ta det mot at laget betalte det det kosta \u00e5 vaske opp.<\/p>\n<p>Deretter vart m\u00f8tet sett med merknad om at eit par ekstrasaker kom sv\u00e6rt seint. Alle m\u00f8tene startar med orientering fr\u00e5 r\u00e5dmannen. Etter 10 m\u00e5nader med sjukefr\u00e5v\u00e6r var Arne Tronsen p\u00e5 plass att som r\u00e5dmann. I tillegg til eiga orientering hadde han f\u00e5tt leiaren for omsorgsavdelinga til \u00e5 kome med ein rapport til kommunestyret. Den, pluss ordf\u00f8raren si orientering og representantane sine f\u00f8respurnader, fekk eg ikkje med meg, for akkurat d\u00e5 fekk eg ein telefon og m\u00e5tte skru av radioen.<\/p>\n<p>Deretter gjekk det slag i slag med sakshandsaminga. Framlegget til vedtak vart lese opp, er det nokon som vil ha ordet til saka? Eg ser ingen, d\u00e5 kan vi rekne dette som samr\u00f8ystes. Og s\u00e5 klubba han. Slik gjekk sak etter sak. Det var bare saka om Strategisk plan for kultur og n\u00e6ring i Valle kommune 2011-2014 som ikkje var samr\u00f8ystes, der hadde P\u00e5l Dale eit endringsframlegg og fekk st\u00f8tte fr\u00e5 H\u00f8gre slik at vedtaket vart justert med fire ord til det som du finn p\u00e5 Setesdalswiki, les her http:\/\/www.eskeland.net\/setesdalswiki\/Onsdagsprogram_Valle_Radio_20110126  om du vil sj\u00e5 heile m\u00f8tet. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Dette var programmet i Valle Radio i kveld. Det starta klokka 18, og eg trur folk sat rundt kaffebordet i matstoga klokka 20. D\u00e5 hadde dei h\u00f8yrt Lasse Eidskrem fortelje om reiselivssatsinga i Setesdal. Til ei forandring var det offentleg sp\u00f8rjetime, og Sissel \u00c5kre nytta h\u00f8vet til \u00e5 stille to sp\u00f8rsm\u00e5l i kveld. F\u00f8rst p\u00e5 &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/kommunestyremte-januar-10439682\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Kommunestyrem\u00f8te januar 2011<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-10439682","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10439682"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=10439682"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10439682\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=10439682"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=10439682"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=10439682"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}