{"id":10415031,"date":"2011-01-22T23:08:26","date_gmt":"2011-01-22T23:08:26","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/01\/minneord-pa-trykk-eller-nett-10415031\/"},"modified":"2011-01-22T23:08:26","modified_gmt":"2011-01-22T23:08:26","slug":"minneord-pa-trykk-eller-nett-10415031","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/minneord-pa-trykk-eller-nett-10415031\/","title":{"rendered":"Minneord p\u00e5 trykk eller nett"},"content":{"rendered":"<p>I USA og i Storbritannia har avisene eigne folk til \u00e5 skrive obituaries, minneord om folk som er g\u00e5tt bort. Her i landet skjer det meir etter innfallsmetoden, nokre aviser trykkjer personlege tekstar der det st\u00e5r mest om korleis den avd\u00f8de var som ven og i familie, andre aviser trykkjer ikkje minneord om dei ikkje har ein stor grad av faktainformasjon om den som er g\u00e5tt bort.<\/p>\n<p>Etter at eg tok til \u00e5 skrive p\u00e5 Wikipedia, har eg hatt god nytte av slike minneord n\u00e5r eg skulle skrive biografiar om personar som det var naturleg \u00e5 ha med i dette nettleksikonet. Etter at eg starta Setesdalswiki har eg og hatt nytte av minneord fr\u00e5 Setesd\u00f8len og andre aviser for \u00e5 skrive biografiartiklar om folk. No nyttar eg til og med d\u00f8dsannonsane for \u00e5 skrive ein liten biografi om ein som er d\u00f8d. I det minste kan eg f\u00e5 med b\u00e5de d\u00f8dsdato og gravlegging, som oftast noko om familien ogs\u00e5. S\u00e5 vert det ein liten artikkel, og den dagen alle nummer av Setesd\u00f8len for 2010 er lagt inn i Setesdalswiki, vil ein og ha informasjon om kven som d\u00f8ydde det \u00e5ret.<\/p>\n<p>Eit par gonger har eg snakka med redakt\u00f8renn av Setesd\u00f8len om dette. Han har lenge meint at kyrkjelydsblada burde trykt minneorda som presten held i samband med gravferd. Det ville truleg gjort at folk tok vare p\u00e5 kyrkjelydsblada, seier han. Sj\u00f8lv ville han og gjeve spalteplass til slike minneord. N\u00e5r ein sit i gravferda og er sorgfull, er det ikkje s\u00e5 lett \u00e5 f\u00e5 med seg det som presten seier. \u00c5 lese det ei veke seinare kunne vere ein del av sorgterapien. Han har lufta tanken med prestar utan \u00e5 f\u00e5 respons.<\/p>\n<p>Eg luftar ogs\u00e5 tanken her p\u00e5 bloggen. Setesdalswiki kunne og vere ein plass for eit minneord etter ein som er d\u00f8d. D\u00e5 kunne ein lesar finne det om han s\u00f8kte p\u00e5 namnet og lese det n\u00e5r han eller ho hadde h\u00f8ve til slikt. Slike bidrag er velkomne p\u00e5 Setesdalswiki. Med tida vert det eit godt grunnlag for slektsgransking og bygdesogeskriving om folk vert med p\u00e5 den dugnaden det er \u00e5 lage Noregs fyrste regionale leksikon som alle kan skrive i. Her er eitt eksempel p\u00e5 ein artikkel basert p\u00e5 bare ein d\u00f8dsannonse: http:\/\/www.eskeland.net\/setesdalswiki\/Ottar_Fennefoss <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I USA og i Storbritannia har avisene eigne folk til \u00e5 skrive obituaries, minneord om folk som er g\u00e5tt bort. Her i landet skjer det meir etter innfallsmetoden, nokre aviser trykkjer personlege tekstar der det st\u00e5r mest om korleis den avd\u00f8de var som ven og i familie, andre aviser trykkjer ikkje minneord om dei ikkje &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/minneord-pa-trykk-eller-nett-10415031\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Minneord p\u00e5 trykk eller nett<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[65],"class_list":["post-10415031","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-setesdalswiki"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10415031"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=10415031"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10415031\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=10415031"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=10415031"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=10415031"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}