{"id":10397183,"date":"2011-01-19T20:23:32","date_gmt":"2011-01-19T20:23:32","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/01\/svein-harberg-i-valle-radio-10397183\/"},"modified":"2011-01-19T20:23:32","modified_gmt":"2011-01-19T20:23:32","slug":"svein-harberg-i-valle-radio-10397183","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/svein-harberg-i-valle-radio-10397183\/","title":{"rendered":"Svein Harberg i Valle Radio"},"content":{"rendered":"<p>I kveld tok \u00d8yvind Jacob ein telefon til Svein Harberg, stortingsrepresentant for H\u00f8gre fr\u00e5 Aust-Agder. Bakgrunnen var at Harberg har fremja eit dokument-8-framlegg i Stortinget for \u00e5 f\u00e5 liv i saka om motorisert ferdsle i utmark.<\/p>\n<p>I samtalen med \u00d8yvind og \u00d8rnulf Hasla fortalde Harberg, som har hytte p\u00e5 Hallbj\u00f8nnsekken og som handlar i Valle n\u00e5r han er p\u00e5 hytta, at det har vore eit fors\u00f8k der \u00e5tte kommunar har hatt pr\u00f8veordning med lokal forvaltning av lova. Det har fungert sv\u00e6rt godt, og det har ikkje kome klagar p\u00e5 slik lokal forvaltning, Sirdal og Vinje var med i prosjektet, men ingen kommunar i Aust-Agder.<\/p>\n<p>Men d\u00e5 pr\u00f8veperioden var omme og det skulle lagast rapport basert p\u00e5 erfaringane, s\u00e5g ikkje Direktoratet for Naturvern, som hansamar saka, p\u00e5 konklusjonane, men fremja sitt eige syn, som gjekk ut p\u00e5 ei strengare praktisering. Ettersom det var usemje i regjeringa, vart saka lagt vekk. Det er ingen tent med, og opposisjonen vil gjerne ha saka opp med tanke p\u00e5 \u00e5 f\u00e5 til ei permanent ordning i tr\u00e5d med fors\u00f8ksordninga.<\/p>\n<p>-Ein opplever jo at folk som har sn\u00f8scooter, k\u00f8yrer i hyttefelt og p\u00e5 vegar fordi det ikkje er lov \u00e5 k\u00f8yre lovleg med dei, sj\u00f8lv om det er lov \u00e5 kj\u00f8pe og \u00e5 eige sn\u00f8scooter, sa Harberg, som meinte at det var betre om det kom ei avklaring i Stortinget. No reknar han med at i l\u00f8pet av eit par m\u00e5nader kan det kanskje verte ein debatt i Stortinget om saka.<\/p>\n<p>Dette vart den einaste saka eg fekk h\u00f8yre av kveldens sending. Eg tok meg ein tur til Rysstad for \u00e5 fylle bensin, Esso-stasjonen i Valle er stengd og eg skal til Bykle i kveld og hente Helge, som kjem for \u00e5 vere med p\u00e5 m\u00f8tet om Setesdalswiki i morgon. P\u00e5 Statoil Rysstad m\u00f8tte eg trivelege folk eg slo av ein prat med i staden for \u00e5 h\u00f8yre resten av nyhetstimen, s\u00e5 kva anna \u00d8yvind og Bj\u00f8rgulv snakka om, fekk eg ikkje med meg.<\/p>\n<p>Men eg fekk med meg litt av Kommunen informerer, der Frode Buen brukte siste nummer av Bygdenytt for \u00e5 minne om aktuelle saker. \u00d8yvind fortalde og at treningsbassenget i fysioterapiavdelinga no er i drift att, etter to og eit halvt \u00e5r utan basseng var det mange som gledde seg over at dei no kunne f\u00e5 trene i varmt vatn att. Om nokon legg ut informasjon p\u00e5 Setesdalswiki, f\u00e5r du heller lese meir der om sendinga i kveld: http:\/\/www.eskeland.net\/setesdalswiki\/Onsdagsprogram_Valle_Radio_20110119<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I kveld tok \u00d8yvind Jacob ein telefon til Svein Harberg, stortingsrepresentant for H\u00f8gre fr\u00e5 Aust-Agder. Bakgrunnen var at Harberg har fremja eit dokument-8-framlegg i Stortinget for \u00e5 f\u00e5 liv i saka om motorisert ferdsle i utmark. I samtalen med \u00d8yvind og \u00d8rnulf Hasla fortalde Harberg, som har hytte p\u00e5 Hallbj\u00f8nnsekken og som handlar i Valle &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/svein-harberg-i-valle-radio-10397183\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Svein Harberg i Valle Radio<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-10397183","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10397183"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=10397183"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10397183\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=10397183"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=10397183"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=10397183"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}