{"id":10384333,"date":"2011-01-17T23:02:46","date_gmt":"2011-01-17T23:02:46","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/01\/wikipedia-10-ar-10384333\/"},"modified":"2011-01-17T23:02:46","modified_gmt":"2011-01-17T23:02:46","slug":"wikipedia-10-ar-10384333","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wikipedia-10-ar-10384333\/","title":{"rendered":"Wikipedia 10 \u00e5r"},"content":{"rendered":"<p>Laurdag var det 10 \u00e5r sidan Wikipedia starta. Det er rart \u00e5 tenkje p\u00e5 kor mykje som er blitt forandra p\u00e5 desse \u00e5ra n\u00e5r ein ser det i wikipedia-perspektiv. Difor vart jubileet markert over heile verda. Den engelske versjonen av leksikonet er p\u00e5 3,532,058 artilar i kveld n\u00e5r eg skriv dette. Den norske er p\u00e5 287 803 artiklar og den nynorske er p\u00e5  62 847 artiklar.<\/p>\n<p>I veka f\u00f8r jubileet var det ein viss st\u00e5hei fordi det nynorske leksikonet Allkunne, som bare har om lag 1500 artiklar, hadde f\u00e5tt ein advokat til \u00e5 skrive til wikipedia og klage leksikonet for brot p\u00e5 opphavsretten. Kravet var erstatning p\u00e5 75.000 kroner pluss saksomkostningar. Vi som held p\u00e5 med wikipedia var noko overgjevne, for dei kunne bare teke kontakt med ein administrator p\u00e5 nynorsk wikipedia, der fadesen skjedde, s\u00e5 ville han ha sletta artikkelen om Arve Brunvoll. Opphavsretten er viktig, s\u00e5 wikipedia slettar alt som er kopiert fr\u00e5 andre stader p\u00e5 nettet, om det d\u00e5 ikkje er tydeleg at det er lov \u00e5 kompiere. Alle som skriv m\u00e5 gje fr\u00e5 seg retten til det dei skriv, det er det som er grunnlaget for suksessen, trur eg. For d\u00e5 kan andre g\u00e5 inn og fikse og utvide det som eg har starta p\u00e5. Dermed veks artiklane heile tida, i tillegg til at det stadi kjem nye artiklar basert p\u00e5 raude lenker i tekstane som alt er skrivne.<\/p>\n<p>Sj\u00f8v vart eg med p\u00e5 dette 12. juni 2006, s\u00e5 eg har fem\u00e5rsjubileum til sommaren. Eg har nok vore ein av dei meir produktive skribentane, passerte 42.000 redigeringar no i januar. Men for tida er eg litt slapp, eg har brukt 19 dagar p\u00e5 dei siste 50 redigeringane, og det kunne eg klare p\u00e5 ein dag n\u00e5r eg var p\u00e5 det mest aktive.<\/p>\n<p>Grunnen til at eg er litt mindre aktiv p\u00e5 wikipedia er at eg har starta Setesdalswiki, eit regionalt leksikon der ein kan skrive om slikt som ikkje er nasjonalt, men som kan vere interessant nok for det. P\u00e5 denne wikien passerte vi 700 artiklar no i helga, og eg har nok skrive dei fleste. Sidan nytt\u00e5r er det kome 60 nye artiklar, og eg har ansvaret for 58 av dei.  D\u00e5 eg i sommar fekk avtale om samarbeid med Setesd\u00f8len slik at eg kan skrive av overskriftene i avisa, gav det grunnlag for \u00e5 kome vidare i arbeidet.<\/p>\n<p>Torsdag skal vi ha eit m\u00f8te for \u00e5 snakke saman om vegen vidare. Signe Sollien Haug\u00e5 i Setesdal Regionr\u00e5d har sendt ut innbyding til ein del som steller med informasjon i kommunane i Setesdal og bedt dei om \u00e5 invitere folk dei kjenner som kan vere interessert i dette. Det skal vere p\u00e5 S\u00f8lvgarden og startar med lunsj klokka 11.30 og s\u00e5 varer det til 14.30. Om du som les dette har lyst til \u00e5 vere med, kan du melde deg p\u00e5 til post@setesdal.no <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Laurdag var det 10 \u00e5r sidan Wikipedia starta. Det er rart \u00e5 tenkje p\u00e5 kor mykje som er blitt forandra p\u00e5 desse \u00e5ra n\u00e5r ein ser det i wikipedia-perspektiv. Difor vart jubileet markert over heile verda. Den engelske versjonen av leksikonet er p\u00e5 3,532,058 artilar i kveld n\u00e5r eg skriv dette. Den norske er p\u00e5 &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wikipedia-10-ar-10384333\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Wikipedia 10 \u00e5r<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[65,71],"class_list":["post-10384333","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-setesdalswiki","tag-wikipedia"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10384333"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=10384333"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10384333\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=10384333"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=10384333"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=10384333"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}