{"id":1037269,"date":"2006-08-13T22:05:43","date_gmt":"2006-08-13T22:05:43","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2006\/08\/skattar_i_valle_7_sostrene1037269\/"},"modified":"2006-08-13T22:05:43","modified_gmt":"2006-08-13T22:05:43","slug":"skattar_i_valle_7_sostrene1037269","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/skattar_i_valle_7_sostrene1037269\/","title":{"rendered":"Skattar i Valle 7 &#8211; S\u00f8strene"},"content":{"rendered":"<p>Det er ikkje mange skulpturar i Valle, men ein stod lenge utanfor kommunehuset. Etter kvart grodde han ned i dei buskfurene som var der, s\u00e5 d\u00e5 dei endra planteplanen framom kommunehuset, vart han flytt ned bakken og over gata og sett opp att utanfor det som d\u00e5 var posthus. S\u00e5 vart Posten flytt til butikken, og d\u00e5 stod skulpturen eigentleg litt ute av vegen, noko som ikkje er naturleg for ein skulptur. No lurer dei p\u00e5 \u00e5 flytte han til leikeplassen nordom Husfliden, s\u00e5 kan folk sj\u00e5 han n\u00e5r dei k\u00f8yrer opp mot Valle sentrum.<\/p>\n<p>Skulpturen heiter S\u00f8strene og er laga av bilethoggaren Dyre Vaa. Han levde fr\u00e5 1903 til 1980, og p\u00e5 heimesida til Vest-Telemark Museum st\u00e5r det:<\/p>\n<p>Ved sida av Gustav Vigeland er Dyre Vaa den bilethoggaren som i sterkast grad har prega norsk skulpturmilj\u00f8. Ingen annan bilethoggar har vunne s\u00e5 mange tevlingar som han.<\/p>\n<p>Han debuterte p\u00e5 haustutstillinga allereie som 20-\u00e5ring, og vart d\u00e5 kj\u00f8pt inn til nasjonalgalleriet.<\/p>\n<p>&#8220;Mennesket m\u00f8ter naturen&#8221; er tittelen p\u00e5 fire store figurar p\u00e5 Ankerbrua i Oslo. Det var medan han arbeidde med desse p\u00e5 1930-talet at han flytte til Rauland, og der vart han buande resten av livet.<\/p>\n<p>Andre kjende arbeid er &#8220;Ulvane&#8221; p\u00e5 Alexander Kiellands plass i Oslo. &#8220;Sj\u00f8mannsmonumentet&#8221; i Bergen, &#8220;Holberg-monumentet&#8221; ved Nathionalteatret og &#8220;Svanene ved Oslo R\u00e5dhus.<br \/>\nhttp:\/\/vest-telemark.museum.no\/article\/archive\/33\/<\/p>\n<p>Dyre Vaa var gift med Tora, og ho gav leireoriginalen S\u00f8strene til Valle kommune og Myllarguten til Bykle. \u00c5nund K. Homme, som d\u00e5 var kulturleiar i kommunen fekk lov \u00e5 st\u00f8ype skulpturen i bronse, og saman med vaktmeister Hallvard \u00c5kre drog han til Rauland for \u00e5 hente originalen. Han fortel at den var s\u00e5 tung at bilen bulka nedover og han fekk ikkje att d\u00f8rene bak, men m\u00e5tte binde dei saman med tau d\u00e5 dei frakta formene til st\u00f8yperiet i Oslo.<\/p>\n<p>Verket kom p\u00e5 140.000 kroner, og dei streva litt f\u00f8r dei fann ein plass til S\u00f8strene, s\u00e5 den fyrste tida i Valle stod skulpturen p\u00e5 lager. N\u00e5r han no er p\u00e5 flyttefot att, s\u00e5 synest eg at Sentrumsforeninga skulle pr\u00f8ve \u00e5 finne ein plass til skulpturen i sentrum no etter at det er rusta opp. Til d\u00f8mes er det fint utanfor biblioteket, men truleg kunne det og vere plass mellom Valle blomar og g\u00e5ver og Frikyrkja. Ein skulptur er laga for \u00e5 st\u00e5 i n\u00e6rleiken av der folk ferdast, og ikkje bare til \u00e5 kj\u00f8re forbi, det er no mi meining.<\/p>\n<p>Tora Vaa, som var gift med Dyre, var dotter til Johan Bojer. D\u00e5 kunne det h\u00f8ve \u00e5 lese Den siste viking eller ei anna av dei mange b\u00f8kene Bojer skreiv. Dei er ikkje fr\u00e5 Setesdal, men fr\u00e5 Namdal, med utsynet b\u00e5de til hav og dal. Lisbeth har dei p\u00e5 biblioteket.<\/p>\n<p>Her er ei side om Dyre Vaa:<br \/>\nhttp:\/\/www.krus.com\/kunst\/kunstbild\/vaa.html<\/p>\n<p>Sj\u00e5 litt ekstra p\u00e5 S\u00f8strene neste gong du er i n\u00e6rleiken.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Det er ikkje mange skulpturar i Valle, men ein stod lenge utanfor kommunehuset. Etter kvart grodde han ned i dei buskfurene som var der, s\u00e5 d\u00e5 dei endra planteplanen framom kommunehuset, vart han flytt ned bakken og over gata og sett opp att utanfor det som d\u00e5 var posthus. S\u00e5 vart Posten flytt til butikken, &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/skattar_i_valle_7_sostrene1037269\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Skattar i Valle 7 &#8211; S\u00f8strene<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[66],"class_list":["post-1037269","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-skattar-i-valle"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/1037269"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=1037269"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/1037269\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=1037269"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=1037269"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=1037269"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}