{"id":10317747,"date":"2011-01-06T23:47:06","date_gmt":"2011-01-06T23:47:06","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/01\/setesdalswiki-veks-10317747\/"},"modified":"2011-01-06T23:47:06","modified_gmt":"2011-01-06T23:47:06","slug":"setesdalswiki-veks-10317747","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/setesdalswiki-veks-10317747\/","title":{"rendered":"Setesdalswiki veks"},"content":{"rendered":"<p>I g\u00e5r var \u00aball time high\u00bb for Setesdalswiki med bes\u00f8k av 116 unike brukarar. N\u00e5r det f\u00f8r  har vore mest vanleg med bes\u00f8kstal p\u00e5 mellom 50 og 70, skj\u00f8nar du sikkert at eg jublar litt. Grunnen er nok at Setesdalswiki vart nemnd p\u00e5 wikipedia i g\u00e5r, rett nok bare i ein bisetning som ein liten wiki med 653 artiklar (663 i dag), men med lenke som gjorde at folk kunne trykke seg rett fr\u00e5 wikipedia til setesdalswiki. Dermed var det mange som fekk lyst til \u00e5 sj\u00e5 kva det var for noko, reknar eg med. Difor vart eg end\u00e5 meir overraska d\u00e5 det i kveld var 117 unike brukarar innom. Eg hadde trudd det skulle g\u00e5 ned mot normalen att.<\/p>\n<p>Setesdalswiki er nok avhengig av samarbeidet med Setesd\u00f8len og Valle Radio. D\u00e5 Setesdalswiki vart starta, var det for \u00e5 ha ein lokal nettstad der folk innan n\u00e6ringslivet sj\u00f8lve kunne skrive inn informasjon om si bedrift. Det har skjedd i liten grad, n\u00e6ringslivsfolk seier til meg at dei er glade dei kan svare p\u00e5 epost, om dei skal skrive om si eiga bedrift p\u00e5 Internett, f\u00e5r dei angst. S\u00e5 den intensjonen ein hadde d\u00e5 Setesdalswiki vart starta for snart to \u00e5r sidan, har ikkje g\u00e5tt i oppfylling. Men i sommar fekk eg eit samarbeid med Setesd\u00f8len, slik at eg kan leggje ut overskriftene i avisa p\u00e5 Setesdalswiki. Setesd\u00f8len har ikkje noko nettavis, dei legg bare ut eit bilete av framsida. Det kopierer eg og legg som illustrasjon i artiklane. Men eg lagar lenker der det h\u00f8ver, og dermed kan den som les Setesdalswiki klikke p\u00e5 lenker der ein vil vite meir. Sj\u00f8lvsagt er det ikkje s\u00e5 mykje enno, men systemet fungerer. I g\u00e5r stod det at Bygland husflidslag skulle arrangere grautkuptekurs. Eg laga ei lenke til grautkupte, leita litt rundt p\u00e5 Internett og i boka <em>Rette klede i Setesdal<\/em> som Valle bygdekvinnelag har gjeve ut og laga ein artikkel om grautkupte. Den kan du lese her: http:\/\/www.eskeland.net\/setesdalswiki\/Grautkupte D\u00e5 fekk eg lenke til Bygland husflidslag, eg hadde skrive om det tidlegare. S\u00e5 h\u00f8vde det slik at p\u00e5 boka eg henta stoff fr\u00e5 var det litt informasjon om Valle bygdekvinnelag, s\u00e5 eg laga ein artikkel om det ogs\u00e5. Dermed f\u00e5r den som klikkar p\u00e5 lenka om grautkupte meir informasjon.<\/p>\n<p>Det same skjer n\u00e5r det gjeld Valle Radio, der skriv eg om kvart program, s\u00e5 setesdalswiki fungerer som ei heimeside for Valle Radio. N\u00e5 har Valle Radio informasjonsside p\u00e5 Facebook, men det er ikkje av same typen, s\u00e5 dei to typar media utfyller kvarandre. Her er informasjon om tysdagsprogramma hausten 2010: http:\/\/www.eskeland.net\/setesdalswiki\/Liste_over_tysdagsprogram_i_Valle_Radio_2010<\/p>\n<p>For kvar veke kjem det meir stoff. I dag var det eit par som registrerte seg som brukarar. Om fleire vert med og skriv, s\u00e5 vil det vekse fortare enn n\u00e5r bare eg skriv, s\u00e5 du som les dette, er velkommen til \u00e5 bli med og hjelpe til slik at Setesdalswiki veks. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I g\u00e5r var \u00aball time high\u00bb for Setesdalswiki med bes\u00f8k av 116 unike brukarar. N\u00e5r det f\u00f8r har vore mest vanleg med bes\u00f8kstal p\u00e5 mellom 50 og 70, skj\u00f8nar du sikkert at eg jublar litt. Grunnen er nok at Setesdalswiki vart nemnd p\u00e5 wikipedia i g\u00e5r, rett nok bare i ein bisetning som ein liten &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/setesdalswiki-veks-10317747\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Setesdalswiki veks<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-10317747","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10317747"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=10317747"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10317747\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=10317747"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=10317747"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=10317747"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}