{"id":10311708,"date":"2011-01-05T22:59:08","date_gmt":"2011-01-05T22:59:08","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/01\/setesdalsloft-og-meir-til-10311708\/"},"modified":"2011-01-05T22:59:08","modified_gmt":"2011-01-05T22:59:08","slug":"setesdalsloft-og-meir-til-10311708","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/setesdalsloft-og-meir-til-10311708\/","title":{"rendered":"Setesdalsloft og meir til"},"content":{"rendered":"<p>D\u00e5 eg fekk avisa i dag, det er F\u00e6drelandsvennen eg tenkjer p\u00e5, var det eit bilete eg kjenner godt oppe i h\u00f8gre kanten p\u00e5 framsida. Sjeldne loft, var tittelen, og Rygnestadloftet var avbilda. Den artikkelen m\u00e5 eg sj\u00e5, tenkte eg og bladde opp til side 2 i andre delen, den som heiter Innsikt og gjer at avisa er mykje meir interessant \u00e5 lese no enn ho var f\u00f8r. Der hadde Torgeir Eikeland skrive ein interessant artikkel med tittelen <em>Sjeldnare enn vikingskip<\/em>. Artikkelen handla om dei trih\u00f8gda lofta, det er bare att tre av dei, alle med opphav i Valle. Brottveitloftet er p\u00e5 Norsk Folkemuseum i Oslo, Nomelandsloftet er p\u00e5 Vest-Agder-museet i Kristiansand. Det siste loftet finn vi p\u00e5 Rygnestad, det kan ikkje flyttast, for det er bygd saman med stogehuset i Rygnestadtunet.<\/p>\n<p>Men biletet p\u00e5 framsida var av Rygnestadloftet, som er p\u00e5 to etasjar, men med store dimensjonar p\u00e5 stokkane, sv\u00e6rt velhalde og innhaldsrikt. S\u00e5 biletet av det trih\u00f8gda loftet p\u00e5 Rygnestad hadde avisa ikkje f\u00e5tt med.<\/p>\n<p>D\u00e5 skreiv eg ein epost til Torgeir Eikeland og fortalde om skilnaden, og snart kom det svar tilbake om at han alt hadde f\u00e5tt merknad p\u00e5 det f\u00f8r, og at det ville kome ei retting i avisa i morgon. Samstundes lurte han p\u00e5 om eg visste kva tid det var bygd. Det visste eg, for eg hadde vore inne p\u00e5 heimesida til Setesdalsmuseet og funne at det var bygd i 1590, same \u00e5ret som stogehuset var sett opp. Det spesielle med dette loftet p\u00e5 Rygnestad er at toppen vart bygd fyrst, basert p\u00e5 m\u00f8ns\u00e5sen til stogehuset. Med den som utgangspunkt bygde ein s\u00e5 loftet. Men det vart for tungt, taket p\u00e5 stoga tok til \u00e5 lette i andre enden, og d\u00e5 m\u00e5tte resten av loftet byggjast for \u00e5 ta vekta av toppetasjen bort fr\u00e5 stogehuset.<\/p>\n<p>Eg ville jo gjerne skrive om dette p\u00e5 Setesdalswiki, men s\u00e5 langt er eg ikkje kome enno, for n\u00e5r eg skal skrive ein artikkel p\u00e5 Setesdalswiki, likar eg \u00e5 ta utgangspunkt i ei r\u00f8d lenke, og d\u00e5 m\u00e5 eg fyrst skrive ein artikkel om Rygnestadtunet der det kjem ei r\u00f8d lenke til det trih\u00f8gda loftet. S\u00e5 langt er eg ikkje komen enno, det har vore mykje anna og som har hendt i dag og som har gjort at eg ikkje har f\u00e5tt tid til det enno. Men ein liten start har det blitt: http:\/\/www.eskeland.net\/setesdalswiki\/Rygnestadtunet<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>D\u00e5 eg fekk avisa i dag, det er F\u00e6drelandsvennen eg tenkjer p\u00e5, var det eit bilete eg kjenner godt oppe i h\u00f8gre kanten p\u00e5 framsida. Sjeldne loft, var tittelen, og Rygnestadloftet var avbilda. Den artikkelen m\u00e5 eg sj\u00e5, tenkte eg og bladde opp til side 2 i andre delen, den som heiter Innsikt og gjer &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/setesdalsloft-og-meir-til-10311708\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Setesdalsloft og meir til<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-10311708","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10311708"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=10311708"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10311708\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=10311708"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=10311708"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=10311708"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}