{"id":10293932,"date":"2011-01-02T23:57:34","date_gmt":"2011-01-02T23:57:34","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/01\/vet-du-hvem-du-er-10293932\/"},"modified":"2011-01-02T23:57:34","modified_gmt":"2011-01-02T23:57:34","slug":"vet-du-hvem-du-er-10293932","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/vet-du-hvem-du-er-10293932\/","title":{"rendered":"Vet du hvem du er?"},"content":{"rendered":"<p>Dette var tittelen p\u00e5 eit program p\u00e5 TV i kveld, og eg vart sitjande og fylgje med p\u00e5 det. Programmet handla om slektsgransking, og ettersom eg har ein son som er noks\u00e5 aktiv med det og har teke i bruk data i slektsforskning, DIS, s\u00e5 hadde eg jo litt peiling fr\u00e5 f\u00f8r. Til eit slektsstevne for nokre \u00e5r sidan gav borna mine ut ei bok om ei slektsgrein, og den har blitt flittig brukt i ettertida.<\/p>\n<p>I kveld fekk vi fylgje Bjarne Br\u00f8ndbo p\u00e5 leiting etter slekt, og d\u00e5 l\u00e6rte eg ein god del. Til d\u00f8mes handla det om dambygging i Namdalen, der var det fl\u00f8tardammar som var ein heilt ukjend del av industrihistoria for meg. Heller ikkje visste eg at ein i Trondheim hadde ein stor innflytting fr\u00e5 Flensburg p\u00e5 1700-talet. At bybrannar kunne leggje formuar i grus, det hadde ein jo h\u00f8yrt om, men her fekk vi tydelege d\u00f8me p\u00e5 kva konsekvensane kunne vere i ei tid utan forsikringsordningar.<\/p>\n<p>Det fine med eit slikt program er at det fortel ei historie, og historieforteljing er jo meir enn \u00e5 finne data i kyrkjeb\u00f8ker og linjer bakover. \u00c5 finne kva som l\u00f8yner seg bak dei turre tala, det kan vere sv\u00e6rt s\u00e5 interessant. Vi s\u00e5g korleis Bjarne Br\u00f8ndbo opps\u00f8kte ein onkel han ikkje hadde m\u00f8tt f\u00f8r, han var halvbror til mora og hadde ikkje vakse opp saman med halvs\u00f8strene sine. Dermed fekk vi og eit innblikk i korleis livet kunne arte seg p\u00e5 bygdene. Det er rart \u00e5 tenkje p\u00e5 at det i grunnen ikkje er s\u00e5 lenge sidan heller.<\/p>\n<p>Det var ikkje fritt for at ein kunne trekkje linjer mellom omtalar og opplevingar i programmet og parallellar til eiga slekt. Slik vart programmet meir l\u00e6rerikt og gav meir innsikt enn mykje anna. Det var skilnader mellom landsdelene i synet p\u00e5 kven ein skulle vekse opp saman med, vart det og sagt i programmet. Sj\u00f8lv om programmet slik ikkje bare skildra solskin, n\u00e5r ein driv med slektsgransking, vil det fort kome fram tilh\u00f8ve som ein ikkje ville vere s\u00e5 stolt av i v\u00e5r tid, gav det innsikt og forst\u00e5ing for korleis livet kunne arte seg for folk her i landet for ikkje s\u00e5 mange \u00e5r tilbake.<\/p>\n<p>Eg gleder meg til neste program. Men truleg vil det vere vanskeleg \u00e5 gjere noko slikt p\u00e5 radio. Bileta og filmsekvensane gjorde mykje for \u00e5 levandegjere historia. \u00c5 bare fange s\u00e5 mykje stoff utan bilete, vil nok vere mykje vanskelegare. Menm bygdeb\u00f8kene i Valle er verd eit studium. Snart er det vel tid med supplementsbind for \u00e5 spegle det som har hendt dei siste 25 \u00e5ra, det tek jo til \u00e5 bli ei stund sidan bygdeb\u00f8kene kom ut. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Dette var tittelen p\u00e5 eit program p\u00e5 TV i kveld, og eg vart sitjande og fylgje med p\u00e5 det. Programmet handla om slektsgransking, og ettersom eg har ein son som er noks\u00e5 aktiv med det og har teke i bruk data i slektsforskning, DIS, s\u00e5 hadde eg jo litt peiling fr\u00e5 f\u00f8r. Til eit slektsstevne &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/vet-du-hvem-du-er-10293932\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Vet du hvem du er?<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-10293932","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10293932"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=10293932"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10293932\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=10293932"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=10293932"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=10293932"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}