{"id":10288672,"date":"2011-01-01T23:16:31","date_gmt":"2011-01-01T23:16:31","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/01\/godt-nytt-ar-10288672\/"},"modified":"2011-01-01T23:16:31","modified_gmt":"2011-01-01T23:16:31","slug":"godt-nytt-ar-10288672","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/godt-nytt-ar-10288672\/","title":{"rendered":"Godt nytt \u00e5r"},"content":{"rendered":"<p>Eg slutta fjor\u00e5ret med \u00e5 takke for det gamle, s\u00e5 d\u00e5 f\u00e5r eg skrive det nye \u00e5rets f\u00f8rste blogg med \u00e5 gratulere med det nye.<\/p>\n<p>Jo lenger ein lever, jo st\u00f8rre er sjansen for at ein lever lenge, var det ein som sa. Men vi har sett at fleire har blitt leita etter i ny\u00e5rshelga, og som vanleg har det vore brannar p\u00e5 grunn av fyrverkeri. Det m\u00e5 ha vore ille \u00e5 verte huslaus i ein familie med \u00e5tte barn, slik vi kunne h\u00f8yre om i dag. Ille er det jo uansett, men med s\u00e5 mange familiemedlemmer er det ikkje lett \u00e5 finne seg ein ny og h\u00f8veleg stad \u00e5 bu og sikkert ikkje enkelt \u00e5 finne ein stad \u00e5 vere i ventetida heller.<\/p>\n<p>Elles kunne vi h\u00f8yre at det var mange augeskader som f\u00f8lge av fyrverkeri som l\u00f8p l\u00f8psk. Sj\u00f8lv har eg alltid halde meg langt unna fyrverkeri, s\u00e5 for dei som kjenner meg er det sikkert ikkje noko bombe \u00e5 f\u00e5 vite at eg st\u00f8r dei som meiner at ny\u00e5rsfyrverkeri b\u00f8r vere ei kommunal sak. Unntak kan eventuelt gjerast for folk som bur ei halv mil fr\u00e5 n\u00e6raste nabo eller noko liknande.<\/p>\n<p>Ny\u00e5rsdagen pleier ofte vere ein sl\u00f8vedag, som syster mi kalla det i ein SMS eg fekk fr\u00e5 henne i dag. Det er ny\u00e5rskonserten og hopprennet p\u00e5 TV, men elles er dagen stille. Sj\u00f8lv fekk eg med meg begge to, og hopprennet var vel helst ei sl\u00f8vegreie, med bare ein omgang og lang pause midt i. Likevel vart det fall, heldigvis utan store negative konsekvensar, s\u00e5 vidt eg kunne sj\u00e5. Men triveleg at vi fekk ein norsk hoppar inn blant dei fremste, sj\u00f8lv om han ikkje kom p\u00e5 topp tre.<\/p>\n<p>Syster mi og mannen hennar kom p\u00e5 ny\u00e5rsbes\u00f8k, det var triveleg \u00e5 nyte jolebakst saman og \u00e5 prate saman om slekt og familie og livet i sitt vanlege l\u00f8p. Snart er jolehelga over og den daglege dont tek til, s\u00e5 vi fekk ei triveleg stund saman f\u00f8r dei drog heim att. \u00c5 bruke fridagar p\u00e5 denne tida til \u00e5 vere saman med familie er ein god tradisjon, s\u00e5 eg er takksam for at dei tok turen. Sj\u00f8lv har eg halde meg innomhus det meste av joleferien, kulda gav meg ikkje lyst til \u00e5 g\u00e5 ut, og d\u00e5 den gav seg, vart det s\u00e5 glatt at eg p\u00e5 ingen m\u00e5te ville ta turen p\u00e5 glattisen om eg ikkje var temmeleg n\u00f8ydd.<\/p>\n<p>Men eg fekk laga program til tysdagssendinga 4. januar og til og med sendt det inn til Setesd\u00f8len i tide til at det kom med i romjolsnummeret. S\u00e5 snart er vi i gang att. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Eg slutta fjor\u00e5ret med \u00e5 takke for det gamle, s\u00e5 d\u00e5 f\u00e5r eg skrive det nye \u00e5rets f\u00f8rste blogg med \u00e5 gratulere med det nye. Jo lenger ein lever, jo st\u00f8rre er sjansen for at ein lever lenge, var det ein som sa. Men vi har sett at fleire har blitt leita etter i ny\u00e5rshelga, &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/godt-nytt-ar-10288672\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Godt nytt \u00e5r<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-10288672","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10288672"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=10288672"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10288672\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=10288672"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=10288672"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=10288672"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}