{"id":10284595,"date":"2010-12-31T22:50:18","date_gmt":"2010-12-31T22:50:18","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/12\/takk-for-10284595\/"},"modified":"2010-12-31T22:50:18","modified_gmt":"2010-12-31T22:50:18","slug":"takk-for-10284595","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/takk-for-10284595\/","title":{"rendered":"Takk for 2010"},"content":{"rendered":"<p>I l\u00f8pet av 2009 har de vore inne p\u00e5 bloggen min om lag 12000 gonger og sett p\u00e5 om lag 26.000 sider. I \u00e5ret som gjekk har eg skrive om lag 300 innlegg, til saman ligg det 2390 blogginnlegg p\u00e5 bloggen. Eg starta \u00e5 skrive i oktober 2005, s\u00e5 eg har halde p\u00e5 i over fem \u00e5r, og med om lag eitt kvar dag, s\u00e5 blir det ganske mykje tekst etter kvart.<\/p>\n<p>Difor vil eg takke dykk som les det eg skriv. Det meste handlar om Valle Radio, men eg skriv jo og noko om det eg held p\u00e5 med p\u00e5 wikipedia. Eg burde nok og skrive meir om Setesdalswiki, det f\u00e5r vere eit m\u00e5l i 2011, men det prim\u00e6re er \u00e5 skrive om programma i Valle Radio. No er det ikkje slik at eg har h\u00f8ve til \u00e5 h\u00f8yre alt, s\u00e5 noko vert omtala meir tilfeldig og sporadisk, men gjennom \u00e5ra f\u00e5r ein eit godt tverrsnitt av det som har vore oppe i radioen.<\/p>\n<p>I \u00e5ret som gjekk har eg og utvida dekninga av radioen sitt stoff, slik at det no er meir om programma p\u00e5 Setesdalswiki. Der finn ein og meir informasjon om deltakarane i programma, i den grad eg klarar \u00e5 fange det opp, d\u00e5. M\u00e5let er jo at det skal vere ei kjelde til informasjon i Setesdal, meir slik at ein skal kunne sl\u00e5 opp informasjon der, og ikkje slik at den forsvinn i det historiske m\u00f8rkret med tida.<\/p>\n<p>I joleferien har eg lese litt i gamle utg\u00e5ver av Setesd\u00f8len, og det sl\u00e5r meg kor fort ein gl\u00f8ymer, bare eit \u00e5r etter at noko har skjedd, er det borte i den store haugen av det ein har h\u00f8yrt om, men ikkje kan tidfeste og ikkje heilt kan plassere. Det digitale minnet kan hjelpe oss noko med det. S\u00e6rleg p\u00e5 Setesdalswiki skulle eg \u00f8nskt at felire var med og skreiv, slik at det fortare kunne bli ei slik kjelde. No er det knapt 650 artiklar der, det brude vore mykje meir, men alt no ser eg at det er ei god hjelp til \u00e5 fange idear og tankar.<\/p>\n<p>S\u00e5 vonar eg at vi f\u00e5r eit godt \u00e5r i \u00e5ret som kjem. Om helsa held og ein f\u00e5r litt respons, s\u00e5 vil eg pr\u00f8ve \u00e5 halde skrivinga i gang ogs\u00e5 dette \u00e5ret. Takk for at du les det eg skriv, det ville ikkje vore s\u00e5 artig \u00e5 skrive om ingen las.<\/p>\n<p>Godt nytt \u00e5r!<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I l\u00f8pet av 2009 har de vore inne p\u00e5 bloggen min om lag 12000 gonger og sett p\u00e5 om lag 26.000 sider. I \u00e5ret som gjekk har eg skrive om lag 300 innlegg, til saman ligg det 2390 blogginnlegg p\u00e5 bloggen. Eg starta \u00e5 skrive i oktober 2005, s\u00e5 eg har halde p\u00e5 i over &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/takk-for-10284595\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Takk for 2010<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-10284595","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10284595"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=10284595"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10284595\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=10284595"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=10284595"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=10284595"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}