{"id":10263710,"date":"2010-12-27T23:00:57","date_gmt":"2010-12-27T23:00:57","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/12\/biografiar-10263710\/"},"modified":"2010-12-27T23:00:57","modified_gmt":"2010-12-27T23:00:57","slug":"biografiar-10263710","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/biografiar-10263710\/","title":{"rendered":"Biografiar"},"content":{"rendered":"<p>Biografiar er nyttig lesestoff. Av den grunn er det mange biografiar i wikipedia. Den norske utg\u00e5va har satsa mykje p\u00e5 \u00e5 f\u00e5 p\u00e5 plass biografiar over folk. EIn ting er at vi har biografioversikter fr\u00e5 Hvem Hva Hvor, dette leksikonet som kjem ut kvart \u00e5r. Vi har lov \u00e5 legge inn listene, men ikkje skrive av artiklane. Etter kvart er det blitt ganske mange artiklar av dette, av dei 2417 namna vi hadde p\u00e5 den lista, manglar no bare knappe tre hundre. I tillegg har wikipedia sv\u00e6rt mange fotballspelarar og andre sportsut\u00f8varar, forfattarar og musikarar, har ein spelt p\u00e5 ei plate eller skrive ei bok, b\u00f8r det vere artikkel p\u00e5 wikipedia. I l\u00f8pet av ei veke vert mange sletta ogs\u00e5, wikipedia har relevanskrav som gjer at ikkje alle som har lyst \u00e5 verte omtalt p\u00e5 wikipedia, kan f\u00e5 artiklar der. Kravet er at ein har nasjonal interesse, d\u00e5 vert det f\u00e5 som f\u00e5r vere med i det gode selskap.<\/p>\n<p>For eit par \u00e5r sidan var eg med p\u00e5 Setesalskonferansen. Det var Setesdal Regionr\u00e5d som arrangerte, og p\u00e5 slutten av konferansen kom det opp eit \u00f8nske om at vi burde hatt ein stad der ein kunne finne informasjon om alt som finst i Setesdal, dei fire kommunane er p\u00e5 mange m\u00e5tar ein region som heng saman, men ein kjenner f\u00e5 utanom eigen kommune og omgangskrins. Det var d\u00e5 eg fekk den glupe ideen at vi kunne lage ei wikipedia for Setesdal, og n\u00e5r ein har ein ide p\u00e5 ein slik konferanse, vert det ofte til at ein f\u00e5r i oppg\u00e5ve \u00e5 gjennomf\u00f8re den. Slik skjedde det ogs\u00e5 denne gongen.<\/p>\n<p>No var eg heldigvis noko betre stilt enn mange andre. Son min hadde sett seg inn i dataprogrammet som driv wikipedia, det heiter Mediawiki. Og eg hadde skrive ein del p\u00e5 wikipedia p\u00e5 bokm\u00e5l, s\u00e5 eg visste noko om korleis slike artiklar skulle vere. Dermed gjekk vi i gang, og no er det over 600 artiklar i det regionale leksikonet. Her kan du finne biografiar om folk som bur i Setesdal, eller kanskje skal vi seie Indre Agder, for Iveland og \u00c5seral og andre bygder sine folk kan og finnast. Grunnen til det er at artiklane i stor grad baserer seg p\u00e5 stoff fr\u00e5 Setesd\u00f8len, og n\u00e5r dei har ein h\u00f8veleg omtale av ein person, kan det godt skje at eg lagar ein artikkel til Setesdalswiki ogs\u00e5.<\/p>\n<p>M\u00e5let er at det med tida skal vere biografiar om folk som er i lokale media, slik at ein skal ha ein plass der ein kan f\u00e5 vite kven dei er, dei ein les om i avisa eller m\u00f8ter i Valle Radio. Difor skriv eg inn overskriftene i siste Setesd\u00f8len, dermed kan folk som er p\u00e5 ferie fylgje med p\u00e5 kva som r\u00f8rer seg i heimbygda via internett. I det nye \u00e5ret vil vi ha 1000 artiklar, s\u00e5 vi er godt i gang.<\/p>\n<p>Som p\u00e5 wikipedia kan alle skrive p\u00e5 Setesdalswiki. Velkommen med du ogs\u00e5.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Biografiar er nyttig lesestoff. Av den grunn er det mange biografiar i wikipedia. Den norske utg\u00e5va har satsa mykje p\u00e5 \u00e5 f\u00e5 p\u00e5 plass biografiar over folk. EIn ting er at vi har biografioversikter fr\u00e5 Hvem Hva Hvor, dette leksikonet som kjem ut kvart \u00e5r. Vi har lov \u00e5 legge inn listene, men ikkje skrive &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/biografiar-10263710\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Biografiar<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-10263710","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10263710"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=10263710"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10263710\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=10263710"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=10263710"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=10263710"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}