{"id":10241352,"date":"2010-12-22T23:17:26","date_gmt":"2010-12-22T23:17:26","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/12\/blogging-10241352\/"},"modified":"2010-12-22T23:17:26","modified_gmt":"2010-12-22T23:17:26","slug":"blogging-10241352","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/blogging-10241352\/","title":{"rendered":"Blogging"},"content":{"rendered":"<p>Det er ikkje ofte eg ser p\u00e5 TV, men i kveld sette eg meg til etter nyhetene klokka 21, det var House som stod p\u00e5 programmet, og episoden vart introdusert til \u00e5 handle om blogging. D\u00e5 tenkte eg at n\u00e5r eg har skrive snart 2400 blogginnlegg, er det kanskje noko interessant.<\/p>\n<p>Det var det jo og, House er jo ein type serie med mykje medisin, og det var ein bloggar som vart sjuk, og s\u00e5 var det \u00e5 finne ut kva ho feila. Det spesielle med henne var at ho blogga heile livet sitt, ho skreiv om sjukdommen og spurde dei som las bloggen hennar om ho skulle f\u00e5 ny hjarteklaff av plast, og dermed ikkje kunna f\u00e5 barn, eller av grisehjarte, d\u00e5 kunne ho f\u00e5 barn, men klaffen m\u00e5tte bytast etter ti \u00e5r.<\/p>\n<p>Min blogg er nok ikkje av den typen, han heiter Valle Radio Blogg, og det legg etter mi meining f\u00f8ringar, du som les det eg skriv, f\u00e5r nok eit visst innblikk i kva eg er oppteken av, men det er grenser for kva eg skriv om.<\/p>\n<p>Bloggar kan vere s\u00e5 mangt. P\u00e5 blogs.no er det mange strikkeoppskrifter og mange som legg ut bilete. N\u00e5r eg lagar sangkveld-program i Valle Radio, har eg stor glede av salmebloggen til Leif Haugen, han bloggar om salmer og songar. Kjell Ingolf Ropstad bloggar om politikk, det gjer Torbj\u00f8rn R\u00f8e Isaksen ogs\u00e5, den fyrste om KrF, den andre om H\u00f8gre. Eg veit ikkje kor mange som fylgjer dei, eg har 21 som f\u00e5r bloggen min som epost, og om lag 50 som er innom i l\u00f8pet av eit d\u00f8gn for \u00e5 lese det eg skriv. Eg er nok ikkje den bloggen p\u00e5 nettstaden som har flest lesarar, men truleg er eg ein av dei flittigaste til \u00e5 skrive, det b\u00f8r helst vere eit innlegg p\u00e5 bloggen dagleg, synest eg.<\/p>\n<p>Men alts\u00e5 ikkje om meg sj\u00f8lv, men om program i Valle Radio og tankar og idear eg h\u00f8yrer i radioen eller som kjem i samband med at eg lagar program. Difor vil du nok aldri f\u00e5 sp\u00f8rsm\u00e5l om kva eg skal gjere i h\u00f8ve til \u00e5 velje behandling p\u00e5 sjukehuset. Og n\u00e5r eg sp\u00f8r p\u00e5 bloggen, er det for det meste den store tausheten som ruger. P\u00e5 desse \u00e5ra, med n\u00e6rare 2400 innlegg p\u00e5 bloggen, har eg bare f\u00e5tt 75 kommentarar.<\/p>\n<p>Truleg f\u00e5r eg ikkje nokon kommentar p\u00e5 dette innlegget heller. Men eg skulle likt \u00e5 hatt ei oversikt over bloggarar i Setesdal, det hadde vore grunnlag for ein artikkel p\u00e5 Setesdalswiki om eg hadde f\u00e5tt nokre meldingar om slikt. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Det er ikkje ofte eg ser p\u00e5 TV, men i kveld sette eg meg til etter nyhetene klokka 21, det var House som stod p\u00e5 programmet, og episoden vart introdusert til \u00e5 handle om blogging. D\u00e5 tenkte eg at n\u00e5r eg har skrive snart 2400 blogginnlegg, er det kanskje noko interessant. Det var det jo &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/blogging-10241352\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Blogging<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-10241352","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10241352"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=10241352"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10241352\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=10241352"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=10241352"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=10241352"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}