{"id":10209130,"date":"2010-12-17T22:29:46","date_gmt":"2010-12-17T22:29:46","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/12\/jolesang-10209130\/"},"modified":"2010-12-17T22:29:46","modified_gmt":"2010-12-17T22:29:46","slug":"jolesang-10209130","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/jolesang-10209130\/","title":{"rendered":"Jolesang"},"content":{"rendered":"<p>S\u00e5 vart det joleavslutning i \u00e5r ogs\u00e5. Vi hadde ei triveleg avslutning p\u00e5 Valle Vaksenoppl\u00e6ring i dag. Flyktninger\u00e5dgjevar Guro og sj\u00e5f\u00f8r Kim kom i tillegg til oss som h\u00f8yrer til der, s\u00e5 vi var ein stor flokk som feira bursdag for PiKa og Aung Chi, begge fyller 50 i desember.<\/p>\n<p>Det skjedde med marsipankake og bursdagssong og vart alts\u00e5 ei kombinert markering og avslutning.<\/p>\n<p>Elevane v\u00e5re er sangglade, s\u00e5 dei siste vekene har vi sunge jolesongar, og i dag var det Englar kved i h\u00f8ge kor og Det lyser i stille grender. Etter at me fekk piano, har \u00d8ystein boltra seg, -eg spelar bare p\u00e5 svarte tangentar, seier han. Det gjer at nokre songar anten kjem litt l\u00e5gt eller litt h\u00f8gt, men som oftast finn vi ei form som kan brukast.<\/p>\n<p>I dag starta Englar syng i h\u00f8ge kor noko l\u00e5gt, s\u00e5 eg bad han leggje opp, vi var godt oppsungne, s\u00e5 eg trudde vi kunne klare det. For eigen del meinte eg at det kom til \u00e5 g\u00e5 greitt, for elevane sin del var det ein fryd \u00e5 oppleve. Det gjekk s\u00e5 godt at vi m\u00e5tte reise oss p\u00e5 dei to siste versa, og p\u00e5 Glo-o-o-o-o-ria ljoma det godt i klasseromet.<\/p>\n<p>M\u00e5ndag fekk eg vere med p\u00e5 gr\u00f8tkveld i familiekoret i Valle. Det er kyrkja som driv det, og dei fleste som er med, er fr\u00e5 Burma. Til vanleg \u00f8ver dei p\u00e5 onsdagane, s\u00e5 arrangementet denne m\u00e5ndagsettermiddagen kolliderte med leksehjelpa for skuleelevane, men vi inviterte heile gruppa med p\u00e5 gr\u00f8tkvelden, og det likte dei. Den kvelden vart det ikkje s\u00e5 mykje song, men dei skal syngje ved fleire h\u00f8ve i jola, og ny\u00e5rsaftan inviterer karenarane til samling i Valle Menighetshus. Dei har levert ut innbyding til ei rekke norske som dei har vore i kontakt med og vonar at folk kjem for \u00e5 h\u00f8yre karensk song og ha ei triveleg stund i lag p\u00e5 tidleg nytt\u00e5rskveld.<\/p>\n<p>I dagens Setesd\u00f8len var det lyst ut at ein kunne s\u00f8kje om st\u00f8tte til integreringstiltak i lokalsamfunnet. Familiekoret er noko av det finaste integreringstiltaket vi har i Valle, s\u00e5 eg vonar at sokner\u00e5det s\u00f8kjer pengar for \u00e5 f\u00e5 st\u00f8tte til notar og transport og kva det elles er som kostar pengar for koret. Og s\u00e5 vonar eg at dei syng jolesongar i Valle b\u00e5de denne jola og dei komande. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>S\u00e5 vart det joleavslutning i \u00e5r ogs\u00e5. Vi hadde ei triveleg avslutning p\u00e5 Valle Vaksenoppl\u00e6ring i dag. Flyktninger\u00e5dgjevar Guro og sj\u00e5f\u00f8r Kim kom i tillegg til oss som h\u00f8yrer til der, s\u00e5 vi var ein stor flokk som feira bursdag for PiKa og Aung Chi, begge fyller 50 i desember. Det skjedde med marsipankake og &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/jolesang-10209130\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Jolesang<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-10209130","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10209130"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=10209130"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10209130\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=10209130"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=10209130"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=10209130"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}