{"id":10179065,"date":"2010-12-13T22:45:37","date_gmt":"2010-12-13T22:45:37","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/12\/jolegraut-10179065\/"},"modified":"2010-12-13T22:45:37","modified_gmt":"2010-12-13T22:45:37","slug":"jolegraut-10179065","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/jolegraut-10179065\/","title":{"rendered":"Jolegraut"},"content":{"rendered":"<p>I ettermiddag vart eg invitert p\u00e5 jolegraut i Valle menighetshus. Det var Familiekoret som stod for arrangementet. Familiekoret i Valle er eit kor som kyrkja har skipa til der dei fleste familiane som er med er flyktningar fr\u00e5 Burma. Og s\u00e5 er det nokre norske med, men dei er ikkje s\u00e5 mange.<\/p>\n<p>Til vanleg pleier dei \u00e5 starte \u00f8vingane med kaffe og prat klokka 16.30, denne gongen starta dei klokka 16.00. Men veromslaget gjorde at dei mange burmesarane som arbeidar som reinhaldarar i Valle, hadde ein travel dag med mange skitne golv og ikkje var ferdige like tidleg som grauten. Eit anna problem som ingen hadde tenkt p\u00e5 var at det er leksehjelp for borna fr\u00e5 klokka 16 til 18 m\u00e5ndag og tysdag.<\/p>\n<p>Det siste problemet l\u00f8yste seg greitt, dei som var p\u00e5 leksehjelp og leksehjelparane vart alle invitert til \u00e5 ha litt jolegraut f\u00f8r dei starta med skulearbeidet, og det fungerte sv\u00e6rt fint. Sm\u00e5tt om senn kom og reinhaldarane og grauten kunne ausast opp, med mandel og marsipangris etter joleskikk. Det vart James som fekk mandelen, men han hadde ikkje f\u00e5tt med seg at ein pleier \u00e5 spare mandelen for \u00e5 vise at ein fortener marsipangrisen, s\u00e5 han hadde svelgd heile mandelen. Grisen fekk han likevel&#8230;.<\/p>\n<p>Etter maten var det h\u00f8ve til \u00e5 lage jolepynt. Sissa hadde med utstyr for \u00e5 lage jolekorger. Det var ogs\u00e5 h\u00f8ve til \u00e5 bake smultringar og krumkaker. Snart var deigen stukken ut til smultringane og krumkakene tok til \u00e5 kome p\u00e5 plass. Litt snaking undervegs var det fr\u00e5 b\u00e5de norske og burmesiske deltakarar, men til slutt fekk dei med seg smakspr\u00f8ver heim til dei som ikkje hadde hatt h\u00f8ve til \u00e5 kome.<\/p>\n<p>Song vart det ikkje s\u00e5 mykje av denne kvelden, men Tonhild spelte b\u00e5de Glade jol, Jingle bells og Det lyser i stille grender. Den siste song vi alle versa av, den fyrste song vi p\u00e5 fleire spr\u00e5k, og den mellomste bare nynna vi til. S\u00e5 m\u00e5tte Tonhild g\u00e5, ho skulle p\u00e5 \u00f8ving med Syngjandi, dei har jolekonsert til sundag.<\/p>\n<p>Familiekoret er eit glimrande integreringstiltak, dei syng ved ei rekke arrangement. Men det hadde vore end\u00e5 betre om ogs\u00e5 nokre norske familiar hadde funne tid og h\u00f8ve til \u00e5 vere med. Men denne mandagsettermiddagen var ei fin oppleving for oss som fekk vere med.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I ettermiddag vart eg invitert p\u00e5 jolegraut i Valle menighetshus. Det var Familiekoret som stod for arrangementet. Familiekoret i Valle er eit kor som kyrkja har skipa til der dei fleste familiane som er med er flyktningar fr\u00e5 Burma. Og s\u00e5 er det nokre norske med, men dei er ikkje s\u00e5 mange. Til vanleg pleier &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/jolegraut-10179065\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Jolegraut<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-10179065","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10179065"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=10179065"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10179065\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=10179065"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=10179065"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=10179065"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}