{"id":10152343,"date":"2010-12-09T23:13:34","date_gmt":"2010-12-09T23:13:34","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/12\/demensteamet-i-setesdal-10152343\/"},"modified":"2010-12-09T23:13:34","modified_gmt":"2010-12-09T23:13:34","slug":"demensteamet-i-setesdal-10152343","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/demensteamet-i-setesdal-10152343\/","title":{"rendered":"Demensteamet i Setesdal"},"content":{"rendered":"<p>I Setesd\u00f8len for tysdag var det p\u00e5 side 5 eit bilete av seks personar. Lege Hallvard Mosd\u00f8l er r\u00e5dgjevande lege for Demensteamet i Setesdal og saman med han stod Bj\u00f8rn Harald Hagen fr\u00e5 Evje og Hornnes kommune, koordinator for teamet, Oddveig Fl\u00e5t \u00c5vitsland fr\u00e5 Evje og Hornnes kommune, Anna Elisabeth Fjose fr\u00e5 Bygland kommune, Aina C. Oksholen fr\u00e5 Valle kommune og Linda Reiulfsen fr\u00e5 Bykle kommune.<\/p>\n<p>Eg tenkte at eg kunne ta ein prat om Demensteamet i Setesdal med Aina C. Oksholen i den aktuelle timen i g\u00e5r. Ho hadde kveldsvakt p\u00e5 Valle Bygdeheim, men ho kunne vere med p\u00e5 telefonen.  Ho er nyutdanna og begynte i jobben i Valle i august og vart d\u00e5 med i dette fellesprosjektet som g\u00e5r for heile Setesdal. Ho fortalde at teamet skulle skape eit st\u00f8rre milj\u00f8 for dei ansvarlege i den einskilde kommune. Dersom det kom ei melding som gjorde at sjukepleiar m\u00e5tte g\u00e5 p\u00e5 heimebes\u00f8k, kunne ho f\u00e5 med seg ein annan fr\u00e5 demensteamet og gjere jobben i lag. S\u00e5 kunne ein f\u00e5 hjelp n\u00e5r ein skulle skrive rapport og sende til fastlegen, som tok saka vidare.<\/p>\n<p>Det var og p\u00e5 tale \u00e5 kome i gang med p\u00e5r\u00f8randeskule, slik at ein kunne gje betre hjelp til den som lever med ein dement person i familien. Planen var \u00e5 starte slike kurs p\u00e5 ny\u00e5ret. \u00c5 styrke arbeidet for demente pasientar og familiane deira har blitt eit nasjonalt satsingsomr\u00e5de.<\/p>\n<p>Du kan lese meir om Demensteamet i Setesdal p\u00e5 Setesdalswiki. http:\/\/www.eskeland.net\/setesdalswiki\/Demensteamet_i_Setesdal<\/p>\n<p>Og har du noko \u00e5 sp\u00f8rje om, kan du kontakte Aina eller ein av dei andre i demensteamet. Kontaktinformasjo finn du p\u00e5 Valle kommune sine heimesider, http:\/\/www.valle.kommune.no Der er det ei lenke som heiter Kontakt, og der finn du telefon og epost til alle tilsette i Valle kommune.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I Setesd\u00f8len for tysdag var det p\u00e5 side 5 eit bilete av seks personar. Lege Hallvard Mosd\u00f8l er r\u00e5dgjevande lege for Demensteamet i Setesdal og saman med han stod Bj\u00f8rn Harald Hagen fr\u00e5 Evje og Hornnes kommune, koordinator for teamet, Oddveig Fl\u00e5t \u00c5vitsland fr\u00e5 Evje og Hornnes kommune, Anna Elisabeth Fjose fr\u00e5 Bygland kommune, Aina &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/demensteamet-i-setesdal-10152343\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Demensteamet i Setesdal<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-10152343","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10152343"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=10152343"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10152343\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=10152343"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=10152343"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=10152343"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}