{"id":10134774,"date":"2010-12-07T15:16:59","date_gmt":"2010-12-07T15:16:59","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/12\/a-treffe-ein-elg-10134774\/"},"modified":"2010-12-07T15:16:59","modified_gmt":"2010-12-07T15:16:59","slug":"a-treffe-ein-elg-10134774","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/a-treffe-ein-elg-10134774\/","title":{"rendered":"\u00c5 treffe ein elg"},"content":{"rendered":"<p>Eg hadde vore p\u00e5 Rysstad ein tur i g\u00e5r ettermiddag og var p\u00e5 veg heim. Det er jo som oftast ein interessant tur. Like nord for Soknehuset st\u00e5r julehuset p\u00e5 Rysstad 2010, dekorert etter alle kunstens reglar. D\u00e5 eg kom forbi Faremo, sakka eg farten og s\u00e5g p\u00e5 huset som brann ned fredag, der brannvesenet hadde store problemer med vatnet d\u00e5 dei skulle sl\u00f8kkje.<\/p>\n<p>S\u00e5 var det 60-sonen p\u00e5 Nomeland, og eg s\u00e5g p\u00e5 Hylestad skule. Eg pleier alltid \u00e5 kaste eit blikk p\u00e5 grana som st\u00e5r ved  huset der me budde i fr\u00e5 1992. Men plutseleg stod det ein elg mitt i vegen, med hovudet vendt mot Otra, han hadde kome fr\u00e5 vestsida av vegen. Heldigvis hadde eg liten fart, men mange rare tankar for gjennom hovudet p\u00e5 meg:<\/p>\n<p>Nummer 1: Den elgen var veldig stor<br \/>\nNummer 2: Eg kjem til \u00e5 treffe han<br \/>\nNummer 3: Korleis skal dette g\u00e5?<\/p>\n<p>Eg stod p\u00e5 bremsa, men plutseleg s\u00e5 kom det ein smell, og eg tenkte at no f\u00e5r eg han inn vinduet. Men det var bare spegelen min som blei sl\u00e5tt inn, glasset i spegelen knuste, s\u00e5 eg m\u00e5tte nytte spegelen inne i bilen, og d\u00e5 eg endeleg fekk sj\u00e5 gjennom det, s\u00e5g eg ikkje nokon elg, s\u00e5 noko fortumla heldt eg fram nordover.<\/p>\n<p>D\u00e5 eg hadde summa meg litt, ringde eg til \u00d8ystein, kollegaen min. Han hadde nummeret til Knut H. Nomeland, dette skjedde like nedanfor huset hans, s\u00e5 eg tenkte at om det l\u00e5g ein elg i hagen hans, kunne han kanskje g\u00e5 ut og sj\u00e5 om den var der. \u00d8ystein lova \u00e5 ta kontakt, og ein time seinare, d\u00e5 eg var komen meg heim og hadde lagt meg til \u00e5 kvile middag, framleis noko sjokkert etter hendinga, fekk eg ein telefon tilbake. D\u00e5 hadde Knut vore ute og sett at eg ikkje hadde dr\u00f8ymt, det hadde skjedd noko nedanfor huset hans, om lag ved undergangen der sykkelstien kryssar vegen. Eg hadde trudd det var lenger nord.<\/p>\n<p>Men elgen hadde tydelegvis snudd og g\u00e5tt oppover i skogen der han kom fr\u00e5, sikkert noko fortumla etter det slaget han hadde f\u00e5tt, men s\u00e5 langt Knut hadde kunna sj\u00e5, utan andre skader.<\/p>\n<p>Eg har mange gonger tenkt p\u00e5 at ein m\u00e5 k\u00f8yre forsiktig n\u00e5r ein er p\u00e5 farten opp og ned dalen, men til no har eg bare treft eit par r\u00e5dyr. Det skjedde for nokre \u00e5r sidan p\u00e5 Kveste, ogs\u00e5 dei hoppa vidare etterp\u00e5, sj\u00f8lv om grillen var full av h\u00e5r etterp\u00e5. I \u00e5r har eg tenkt at det er s\u00e5 lite elg at ein tur er meir sikker no enn den var tidlgeare. Men eg tenkte feil.<\/p>\n<p>\u00d8ystein minna meg om at ein skal ringe politiet n\u00e5r ein har grunn til \u00e5 tru at eit dyr er skadd, dei kallar p\u00e5 folk som kan ut og leite etter dyret. Eg gjorde ikkje det etter \u00e5 ha f\u00e5tt telefonen fr\u00e5 han, truleg m\u00e5 det i den forstand klassifiserast som ei ikkje-hending, men spegelen min er bevis p\u00e5 at det hende. Likevel er eg takksam for at eg ikkje fekk ein elgskrott over meg i bilen, d\u00e5 hadde det truleg ikkje blitt noko program i kveld.<\/p>\n<p>H\u00f8yr Valle Radio p\u00e5 http:\/\/www.valleradio.com &#8211; klikk p\u00e5 live streaming<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Eg hadde vore p\u00e5 Rysstad ein tur i g\u00e5r ettermiddag og var p\u00e5 veg heim. Det er jo som oftast ein interessant tur. Like nord for Soknehuset st\u00e5r julehuset p\u00e5 Rysstad 2010, dekorert etter alle kunstens reglar. D\u00e5 eg kom forbi Faremo, sakka eg farten og s\u00e5g p\u00e5 huset som brann ned fredag, der brannvesenet &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/a-treffe-ein-elg-10134774\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">\u00c5 treffe ein elg<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-10134774","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10134774"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=10134774"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10134774\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=10134774"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=10134774"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=10134774"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}