{"id":10113762,"date":"2010-12-04T15:44:53","date_gmt":"2010-12-04T15:44:53","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/12\/jolebord-med-valle-kommune-10113762\/"},"modified":"2010-12-04T15:44:53","modified_gmt":"2010-12-04T15:44:53","slug":"jolebord-med-valle-kommune-10113762","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/jolebord-med-valle-kommune-10113762\/","title":{"rendered":"Jolebord med Valle kommune 1"},"content":{"rendered":"<p>Det vart ingen bloggpost i g\u00e5r, fredag 3. desember, for eg drog p\u00e5 jolebordet til Valle kommmune p\u00e5 S\u00f8lvgarden. Etter at me flytta til Mandal har eg ikkje prioritert dette, for tidlegare har det vore p\u00e5 laurdagen og eg har prioritert \u00e5 vere heime i helga. Men denne gongen var det lagt til fredagskvelden, og d\u00e5 kunne eg vere med, sj\u00f8lv om det kolliderte med fredagssendinga i Valle Radio. Artikkelen om denne p\u00e5 Setesdalswiki er noks\u00e5 kort og summarisk. Om eg klarar \u00e5 f\u00e5 litt meir kj\u00f8t p\u00e5 dei beina, veit eg ikkje, men veit du noko som det h\u00f8ver \u00e5 legge inn i artikkelen, er du velkommen til det. Det er bare \u00e5 fylgje denne lenka http:\/\/www.eskeland.net\/setesdalswiki\/Fredagsprogram_Valle_Radio_20101203 og klikke p\u00e5 rediger-knappen, s\u00e5 kan du skrive det du veit.<\/p>\n<p>Etter ein hyggeleg jolebordskveld saman med fem av dei karenske elevane mine, som har deltidsjobbar som reinhaldarar i Valle kommune og difor var inviterte til \u00e5 vere med, sette eg kursen mot Mandal ved 22:30-tida. Ein kort stopp p\u00e5 YX p\u00e5 Evje er vanleg n\u00e5r eg k\u00f8yrer denne turen, anten der er p\u00e5 s\u00f8r eller nord. Men eg kom heim for seint til \u00e5 skrive bloggen.<\/p>\n<p>Festen var hyggeleg og komiteen hadde gjort ein god jobb i forkant, s\u00e5 det var b\u00e5de songar ved bordet, tale av ordf\u00f8rar Bj\u00f8rgulv Sverdrup Lund og fungerande r\u00e5dmann Elise Marie Kringen. Og etter ei bordsete p\u00e5 eit par timar, samla vi oss i Riddersalen til underhaldningsprogram. Der fekk vi ei framf\u00f8ring av korleis ei \u00f8ving i Nordib\u00f8 songlag kunne arte seg. Eg er ikkje sikker p\u00e5 om Harald Knudsen sitt opptak av framf\u00f8ringa vert sendt i Folkemusikktimen, slik Eilert Sundt-konserten p\u00e5 Hovden same kvelden vil bli, men det var god underhaldning for alle oss som stua oss saman i romet. Vi var 130 tilsette p\u00e5 jolebordet, og ikkje alle kunne f\u00e5 plass i salen, men det fungerte greitt med serveringa sj\u00f8lv om vi var s\u00e5 mange som skulle f\u00e5 oss mat. Det er bare s\u00e5 synd at magen vert medd f\u00f8r auga.<\/p>\n<p>Mine karenske vener var p\u00e5 jolebord for f\u00f8rste gong, og dei gjekk til liks med dei fleste av oss til dei kalde rettane fyrst. Men d\u00e5 den tallerkenen var tom, var magen full, s\u00e5 det var vanskeleg for dei \u00e5 g\u00e5 neste runde og f\u00e5 ein varmrett dei kunne gjere \u00e6re p\u00e5. Eg pr\u00f8vde likevel \u00e5 syne dei, med god hjelp av Torleif Harstad, korleis vi et fisk og lefse. Men er det fullt, s\u00e5 er det fullt, s\u00e5 det var ikkje s\u00e5 mykje dei kunne f\u00e5 ned av denne tradisjonsretten i Valle.<\/p>\n<p>Men neste \u00e5r skal dei gjere det betre, d\u00e5 skal dei ta lite av den kalde maten og dermed ha meir plass til varm mat og dessert.<\/p>\n<p>Denne bloggposten skulle vere innleiing til \u00e5 legge ut songen eg skreiv til jolebordet. Men eg trur eg stoppar her, det er dumt med s\u00e5 lange tekstar at ein ikkje orkar lese dei, S\u00e5 f\u00e5r du f\u00e5 songen i neste blogginnlegg.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Det vart ingen bloggpost i g\u00e5r, fredag 3. desember, for eg drog p\u00e5 jolebordet til Valle kommmune p\u00e5 S\u00f8lvgarden. Etter at me flytta til Mandal har eg ikkje prioritert dette, for tidlegare har det vore p\u00e5 laurdagen og eg har prioritert \u00e5 vere heime i helga. Men denne gongen var det lagt til fredagskvelden, og &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/jolebord-med-valle-kommune-10113762\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Jolebord med Valle kommune 1<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-10113762","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10113762"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=10113762"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10113762\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=10113762"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=10113762"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=10113762"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}