{"id":10055495,"date":"2010-11-25T23:58:18","date_gmt":"2010-11-25T23:58:18","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/11\/adventfeiring-10055495\/"},"modified":"2010-11-25T23:58:18","modified_gmt":"2010-11-25T23:58:18","slug":"adventfeiring-10055495","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/adventfeiring-10055495\/","title":{"rendered":"Adventfeiring"},"content":{"rendered":"<p>Onsdgaskvelden var Sissa Ringstad i studio og fortalde om adventsmarkeringa som skal vere komande helg. I Hylestad er det tradisjonell markering med gudsteneste klokka 16, og n\u00e5r den er slutt, er det fakkeltog til Setesdalsmuseet, der det er joleverkstad for borna og h\u00f8ve til \u00e5 kj\u00f8pe kaffe og mat. Dette er eit arrangement som har lang tradisjon og stor oppslutning. I \u00e5r st\u00e5r konfirmantane for mykje av gudstenesta, som har form av ei lysmesse.<\/p>\n<p>I Valle fylgjer ein og tradisjonen. Eit fakkeltog startar i sentrum og g\u00e5r opp til Valle bygdeheim. Deretter g\u00e5r ein til kyrkja. Utanfor kyrkja vert det servert kakao og bollar, og s\u00e5 er det adventssamling med gruppa Tidl\u00f8s inne i kyrkja etterp\u00e5.<\/p>\n<p>Men denne helga er spesiell, kunne Sissa fortelje, for Normisjon har jolemesse laurdag. Alt fredagskvelden startar ein med m\u00f8te i Menighetshuset ved Inge Fl\u00e5t klokka 19.30. Laurdag vert det opning klokka 12, andakt klokka 13, familiem\u00f8te med song av familiekoret klokka 16 og trekning klokka 17. Sissa fortalde at det heile skulle avsluttast med gudsteneste i Valle kyrkje klokka 11 sundag.<\/p>\n<p>N\u00e5r ein s\u00e5 veit at ein alt fredag opnar julegate p\u00e5 Rysstad med marknad og stor aktivitet, s\u00e5 kan ein vel trygt seie at inngangen til adventstida vert markert sterkt i kommunen. Og d\u00e5 var det greitt \u00e5 omtale det i Valle Radio.<\/p>\n<p>Du kan lese om onsdagsprogrammet i Valle Radio p\u00e5 Setesdalswiki: http:\/\/www.eskeland.net\/setesdalswiki\/Onsdagsprogram_Valle_Radio_20101124<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Onsdgaskvelden var Sissa Ringstad i studio og fortalde om adventsmarkeringa som skal vere komande helg. I Hylestad er det tradisjonell markering med gudsteneste klokka 16, og n\u00e5r den er slutt, er det fakkeltog til Setesdalsmuseet, der det er joleverkstad for borna og h\u00f8ve til \u00e5 kj\u00f8pe kaffe og mat. Dette er eit arrangement som har &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/adventfeiring-10055495\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Adventfeiring<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-10055495","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10055495"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=10055495"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10055495\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=10055495"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=10055495"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=10055495"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}