{"id":10041163,"date":"2010-11-23T23:56:40","date_gmt":"2010-11-23T23:56:40","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/11\/kyrkjemusikalsk-variasjonskveld-10041163\/"},"modified":"2010-11-23T23:56:40","modified_gmt":"2010-11-23T23:56:40","slug":"kyrkjemusikalsk-variasjonskveld-10041163","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/kyrkjemusikalsk-variasjonskveld-10041163\/","title":{"rendered":"Kyrkjemusikalsk variasjonskveld"},"content":{"rendered":"<p>N\u00e5r Niklos K. Besteland lagar program, likar han \u00e5 starte med noko som er sv\u00e6rt gamalt og s\u00e5 ende i moderne tid. Det gjorde han i kveld og. Heinrich Sch\u00fctz (1585-1672) var den f\u00f8rste denne kvelden. Westf\u00a8lischer Kantorei dirigert av Wilhelm Ehmann song <em>Kommt her, des K\u00f6nigs Aufgebot<\/em>, eit nydeleg verk.<\/p>\n<p>S\u00e5 kom ein orgelkoral av Gottfried Auggust Homilius (1714-1787). Den heitter <em>Straf mich nicht in deinem Zorn<\/em>. Det var Gunnar Nordenfors, og han spelte p\u00e5 orgelet i V\u00e4ster\u00e5s domkyrka.<\/p>\n<p>Kveldens h\u00f8gdepunkt var <em>Dies Irae et Tuba Mirum<\/em> av Guiseppe Verdi (1813-1901). Det var dramatisk og storsl\u00e5tt musikalsk og skildra dommedagsbilete b\u00e5de kraftig og m\u00e5lande. Den ungarske stats operakor og orkester dirigert av Pier Giorgio Morendi med bass-solisten Carlo Colombara var ut\u00f8varane.<\/p>\n<p>Som kontrast til dette hadde Niklos funne to religi\u00f8se folketonar i \u00c5seraltradisjon. Det var evangelisten Johannes Daasvand som song, han var ein av grunnleggjarane av bladet Evangelisten i 1911. Songane han song var <em>V\u00e5r brudgom ei lenge nu borte vil blive<\/em> og <em>Himmelske Fader, din hjelp mig forl\u00f8se<\/em>.<\/p>\n<p>Som siste verk i kveld hadde han funne eit orgelstykke, <em>Largo<\/em>, som er tredje del av suiten <em>Forvandling<\/em> i tre deler av den danske organisten Peter M\u00f8ller (1947-1999). Domorganist Birgitte Ebert, som var den fyrste danske domorganisten, spelte p\u00e5 orgelet i Ribe domkyrkje.<\/p>\n<p>Her var det komposisjonar i eit spenn p\u00e5 n\u00e6rare 400 \u00e5r. Alle var relatert til siste s\u00f8ndag i kyrkje\u00e5ret, den som og kallast domss\u00f8ndagen.<\/p>\n<p>D\u00e5 eg k\u00f8yrde Niklos heim til Besteland etter sendinga, reflekterte han over at neste program han skal ha, vil kome i adventtida:<br \/>\n-No har vi halde p\u00e5 i 13 \u00e5r, og det er utruleg kor fort tida g\u00e5r. Plutseleg er eit semester g\u00e5tt, og slik har det i grunnen vore sidan eg starta med desse programma. \u00c5 lage dei er ei glede og ein hobby som gjev meg mykje, og det er rart \u00e5 tenke p\u00e5 at vi har halde p\u00e5 s\u00e5 lenge og det vil verte eit sakn om vi ikkje lenger skulle lage desse Postludium-programma, meinte han.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>N\u00e5r Niklos K. Besteland lagar program, likar han \u00e5 starte med noko som er sv\u00e6rt gamalt og s\u00e5 ende i moderne tid. Det gjorde han i kveld og. Heinrich Sch\u00fctz (1585-1672) var den f\u00f8rste denne kvelden. Westf\u00a8lischer Kantorei dirigert av Wilhelm Ehmann song Kommt her, des K\u00f6nigs Aufgebot, eit nydeleg verk. S\u00e5 kom ein orgelkoral &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/kyrkjemusikalsk-variasjonskveld-10041163\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Kyrkjemusikalsk variasjonskveld<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-10041163","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10041163"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=10041163"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10041163\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=10041163"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=10041163"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=10041163"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}