Hopp til innhald

Ole Aa. Brattfjord

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 9. oktober 2010 kl. 23:47 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (ein start)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Ole Aasmund Brattfjord (fødd 1964) er nyhetsredaktør i Lindesnes Avis i Mandal. Han har arbeidd i Setesdølen som journalist før han flytta til Mandal.

Brattfjord er ein ivrig fotograf og fartar mykje rundt i Evje og Hornnes kommune med fotoapparat. Det har resultert i fleire kalendrar. Kalendrane har både tekstar og bilete og vert produserte i eit avgrensa opplag. Han samlar også på gamle postkort og brukar dei gjerne på kalenderen han gjev ut.

I tillegg til å skrive sakprosa i avis, skriv han og songar og framfører dei. Songen til Otra IL sitt 50-årsjubileum var laga av Ole Aa. Brattfjord. Songen Himmel og hav var på Sørlandstoppen i 2006.