Hopp til innhald

Maskinhuset (Flåt)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 15. mai 2025 kl. 09:13 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenkefiks Evje kraftstasjon)

Maskinhuset ved Flåt nikkelgruve blei bygd fyrste gong i 1884. Det blei montert inn ein dampmaskin til å drive heisen i skråsakta i Gamlegruva. Saman med maskinhuset med dampmaskinen høyrde eit høgt heisetårn. Dampmaskinen vr i bruk til noko etter at det kom elektrisk heis i 1909. Han stod i reserve i tilfelle det skulle bli problem med tilførsla av straum frå Evje kraftstasjon i Fennefossen.

Maskinhuset og heisetårnet stod like nord for inntaket på Gamlegruva. I dag er bare fundamentet til maskinhuset tilbake, og området det stod i er tilvaksen med skog.

Kjelder