Hopp til innhald

7. mai 1945

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 21. januar 2024 kl. 18:49 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Rettet skrivefeil)

7. mai 1945 var ein måndag.

7. mai 1945 våga desse fire karane seg ut på vegen med norske flagg til armbind og våpen og ammunisjon i vegkrysset ved Hornnes bedehus i Dåsnes. Frå venstre Arne Hatteland, Ivar Abusland, Trygve Hornnes og Åsmund O. Kjetså.
Foto: Utlånt frå Alf Georg Kjetså si biletsamling

  

Hendingar

  • Kring 300 menneske samla seg ved skulehuset på Rysstad for å feire. Dei gjekk i tog sør til Hylestad kyrkje. Med flagga bølgande i vinden svingte toget opp i Heimigard. Kaptein Olav O. Nomeland (d.e.) heldt tale. Toget gjekk vidare nordover til «Posten» og heimen til Olav O. Nomeland jr. Aani Rysstad tala. Ein ny tale vart halden i tunet heime hos Osmund Faremo lengst nord på Rysstad. Foreldra hadde fått brev om at han var komen til Sverige
  • Den tyske kapitulasjonen vart kjent i Evje og Hornnes. Rektor Daniel Danielsen ved Hornnes landsgymnas heldt tale til ein stor flokk menneske som hadde samla seg utanfor Hornnes kyrkje. I Evje samla ei stor menneskemasse seg framfor butikken til Brødrene Gullestad i Evje sentrum. Torvald Haavardstad heldt tale.

Kjelder