Hopp til innhald

Otra Kraft

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. september 2010 kl. 20:26 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Ein start)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Otra Kraft DA er eit selskap som vart etablert i 1960 som IS Øvre Otra. Selskapet eig to kraftstasjonar. Det er Brokke kraftstasjon og Holen kraftstasjon. Den fyrste vart bygd i perioden frå selskapet vart starta til 1964/65, då dei tre første aggregata vart sette i drift. I 1976 kom eit fjerde aggregat. Den andre kraftstasjonen vart ferdig og sett i drift i 1981.

Til saman er det 7 aggregat i dei to kraftstasjonane. Variasjon i vassmengde avgjer kor mykje kraft ein kan ta ut i året. Samla innstallert yting er 900 MVA. Ved konstruksjonsfallhøgde kan ein ta ut 656 MW. I eit normalår produserer Otra Kraft 2350 millionar kilowattimar, som er om lag 2,2% av den totale vasskraftproduksjonen i Norge.

Eksterne lenker