Hopp til innhald

Byrtedalen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 9. oktober 2022 kl. 10:28 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Byrtedalen ligg nord-vest i Tokke kommune i Telemark. Dalføret strekker seg om lag åtte kilometer vestover frå Byrtevatn. Byrteåi slyngar seg gjennom botnen av dalen til Byrte ved Byrtevatn.

Mange gamle støylsbygningar står framleis att i Byrtedalen. I gamal tid var dalen ein naturleg innfallsport for ferdsle frå Telemark til dei øvre delar av Setesdal. Turistløypa til Tjørnbrotbu i Bykle går dels gjennom Byrtedalen.

Kjelder