Hopp til innhald

Oddeskar

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. august 2012 kl. 21:07 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Oddeskar)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Oddeskar er ein gammal husmannsplass vest for Otra, om lag ein kilometer nord for Bjørnarå. Husmannsplassen lå under storgarden Dale og vart etablert på 1700-talet. I 1860 budde Daniel Oddeskar her, og han vart angripen av bjørn som øydela ansiktet hans. Kona Ingebjørg Oddeskar oppdaga kva som skjedde og skreik så vilt at bjørnen forsvann. Resten av livet gjekk Daneil med ei maske.

I 2012 har Frode Verpe og Margit Dale bygd opp ei moderne hytte for å drive gardsturisme her. Hytta har himmelseng frå 1800-talet og ein kan få tradisjonsmat på døra om ein ynskjer.

Kjelde