Hopp til innhald

Grøssæ

Frå Setesdalswiki

Grøssæ er eit stort vatn i Setesdal Austhei (721 moh.), på grensa mellom Bygland og Fyresdal. Lengda er fem kilometer. Arealet er 4,32 kvadratkilometer. Ut av vatnet og sørover til Topsæ renn Grønåne. Grøssæ er såleis ein del av Tovdalsvassdraget.

Fornminner

Langs heile Tovdalsvassdraget er det funne spor etter menneskeleg aktivitet frå både eldre og yngre steinalder. Ved Grøssæ er det mellom anna funne ein buplass med restar av steinkol frå eldre steinalder.[1]

Kjelder

Referansar

  1. Johan Christian Frøstrup (red.), Vandringer i Setesdal Austhei, Friluftsforlaget, 2014, side 257 og side 260-261