Likkvile Stemmen Jordalsvatn
Utsjånad
Likkvile Stemmen Jordalsvatn er ei likkvile rett sør for den gamle stemmen for Jordalsvatn aust for Jordalsbø i Bygland. Etter segna skal det vere likkvila til «Vonde-Jørund» Kvåle. Jørund døydde under ein tur til Tovdal, truleg i 1670-åra. Likkvila ligg langs den gamle ridevegen Jordalsbø - Øy - Tovdal. Dei skal ha lagt henne den stunda dei kvilte då dei bar Jørund heim til Bygland.
Kjelder
- Torfinn Normann Hageland, Stå i stein - Brudled, likkviler, varp og andre steinsetjingar på Agder og i Rogaland, Commentum Forlag, 2013, side 125-126
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VII, utgjeve av Bygland kommune, 2012, side 235
- Kulturminnesøk.no