Hopp til innhald

Tovdal

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 25. september 2016 kl. 10:44 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Litt om Fv-272)
Fil:Austenå Tovdalselva 240916 (2).jpg
Tovdalselva ved Austenå.

Tovdal er eit dalføre mellom Skjeggedal i vest og Gjøvdal i aust, og ein tidlegare sjølvstendig kommune i Aust-Agder. Frå 1. januar 1967 har Tovdal vore ein del av Åmli kommune.

Tovdal har ikkje gjennomgangsveg. Men Fv-272 går gjennom dalen frå Bås i sør til garden Dale i nord. Større grender er Øvre Ramse, Hillestad og Austenå. Tovdalselva renn gjennom dalen frå nord til sør. Elva har utspringet sitt i Straumsfjorden langt inne i Setesdal Austhei. Rjukanfossen nord for Dale er største fossen. Ein annan stor foss er Staddaren på Austenå. Tovdalsvassdraget er ikkje regulert gjennom Tovdal. Heilt nord i Tovdal, ovafor Rjukanfossen, ligg Årdalen naturreservat som også strekker seg inn i Bygland kommune.

På Hillestad ligg det kjende Hillestad Galleri. Her ligg også Tovdal kyrkje.

Kjelder

  • Solveig Austenå, Tovdal, kapittel i Norges bebyggelse, herredsbindet for Aust-Agder, vestre del, AS Fagbokforlaget, Oslo 1956, side 707-724

Eksterne lenker

Kart

Laster kart ...