Rossås
Utsjånad
Rossåa er ein gard høgt oppe på heia mellom Frøyså og Otra i Iveland. Ein kjem fram til garden med bil ved å køyre den omlag fire kilometer lange Rossåsveien vestover frå Fylkesveg 403 (Ivelandsveien ved Frøyså.
Det var historisk to bruk på garden. Den kjende mineralsamlaren og gruvemannen Olaus Thortveit budde på det eine av bruka (bnr. 1) i fleire år til han døydde i 1917. Kona Gina dreiv dette bruket vidare til ho døydde i 1940.
Historie
Rossås er ikkje mellom landnåmsgardane i Iveland. Garden kom truleg til i vikingtida, etter å ha blitt delt frå Frøyså.
Kjelder
- Aslak Fjermedal, Iveland II - Ålmenn kultursoge, utgjeve av Iveland bygdesogenemnd, 1962, side 155
- Aslak Fjermedal, Iveland I - Gards- og ættesoge, utgjeve av Iveland bygdesogenemnd, 1956, side 67 flg.