Hopp til innhald

Kasernevegen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 18. juni 2015 kl. 11:39 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kasernevegen)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Kasernevegen er ein rundveg i Søndre leir på Evjemoen. Vegen tek til frå Jørgen Løvlands veg, «hovudgata» inn til Evjemoen, og går i ei sløyfe sørover og så nordover forbi dei sju store tidlegare militære mannskapskasernene tilbake til Jørgen Løvlands veg. Kommunehuset i Evje og Hornnes, med kommuneadministrasjon og kommunestyresal, ligg langs vegen. Det same gjer Evjemoen kino.