Hopp til innhald

Kongens Fortenstmedalje

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 7. februar 2015 kl. 18:38 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Evje og Hornnes: bilde AGK)

Kongens Fortenstmedalje vart stifta av Kong Haakon VII 1. februar 1908 og vert delt ut i gull eller sølv til «lønn for fortenster av kunst, vitskap og næringsliv, og for framifrå forhold i offentleg teneste». Søknad om tildeling skal stilast til H.M. Kongen og sendast gjennom Fylkesmannen. Søknad om tildeling bør sendast i nær tilknyting til avslutninga på den verksemda som skal lønnast.

Utforming

Medaljen har portrettet av den regjerande kongen med namn og valspråk på framsida, mens han på baksida har ein krans med omskrifta «Kongens fortjenstmedalje». Innanfor kransen er namnet på mottakaren inngravert.

Medaljen skal berast på venstre side av brystet i band i fargane til riksbanneret, raudt med ei gul stripe i midten. Medaljen vert mottakarane sin eigedom og skal ikkje leverast attende.

Mottakarar i Setesdal

Bykle

  1. 1983 Trygdesjef Torleiv Gjerden

Valle

  1. 20. oktober 2013: Ingebjørg Vegestog Homme
  2. 1. juli 1997: Husmor Ingebjørg Å. Kjelleberg
  3. 1995: Kvedar Torbjørg Aamlid Paus (gull)
  4. 1995: Kjøpmann Sverre Lund
  5. 1989: Sigurd Helle
  6. 27. oktober 1986: Rektor Eivind Hovet
  7. 1973: Lærar Knut O. Rike
  8. 1967: Lærar Torjus Åkre

Bygland

  1. 19. oktober 2013 Annemor Sundbø
  2. 28. februar 2009 Birgit Skjevrak Skeie
  3. 27. november 2008 Bonde Knut P. Sandnes
  4. 01. juli 2000 Emissær Olaf Skjeggedal
  5. 1964 Lærar Jon Løyland
  6. 1951 Forfattar Mikkjel Skjevrak

Evje og Hornnes

De fleste nolevande innehaverane av Kongens Fortenstmedalje i Evje og Hornnes kommune samla ved Kronprinsparets vitjing i Mineralparken i Hornnes 31. august 2014. Frå venstre Sigmund Monen, Sigrun Smeland, Ruth Oksefjell, Valborg Hauan, Odd Harald Robstad, Sigbjørn Kjetså, Knut Aadal, Arnar Kjetså og Roald Skibsrud.
Alf Georg Kjetså fekk Kongens fortenstmedalje i 2011.
  1. 17. mai 2011 Rektor Alf Georg Kjetså
  2. 17. mai 2011 Entreprenør Kåre Tjessem
  3. 21. august 2010 Lærar og dugnadsmann Odd Harald Robstad
  4. 21. august 2010 Bonde, hagebrukar og dugnadsmann Sigbjørn Kjetså
  5. 15. april 2008 Ada Sofie Austegard (gull)
  6. 25. mars 2008 Adjunkt Sigmund Monen (gull)
  7. 17. juli 2007 Bedriftsleiar Roald Skibsrud
  8. 30. november 2006 Kaptein Knut Aadal
  9. 1. november 2005 Lærar Ruth Oksefjell
  10. 28. mai 2005 Lektor Olav Arne Kleveland
  11. 13. desember 2004 Lærar Sigrun Smeland
  12. 8. mai 2003 Hagebrukar Arnar Kjetså
  13. 1. juli 2002 Lærar Valborg Hauan
  14. 1976 Einar Katterås
  15. 18. februar 1975 Jordmor Elen Kjetsaa
  16. 1971 Lensmann Gerhard Haukom
  17. 1970 Småbrukar og lokalpolitikar Notto Dåsnes
  18. Vaktmeistar Tore Fidjestøl
  19. 1961 (?) Postmann og småbrukar Åsulv J. Dåsvatn
  20. 28. desember 1959 Bonde og ordførar Olav A. Fennefoss (gull)
  21. Styrarinne på telefonsentralen Marie Godtfredsen
  22. 1945 Ordførar og handelsmann Torgeir G. Abusdal
  23. 1945 Lærar og ordførar Olaf Kallhovd
  24. 1945 Lensmann Henrik Moseid jr.
  25. 1925 Bonde, forlikskommisær og kommunekasserer Notto Rosseland d.e.
  26. Lensmann og ordførar Ola N. Galteland
  27. Kontorfullmektig Olav Vaadne
  28. Gardbrukar John N. Hornnes

Iveland

  1. 9. oktober 2013 Likningssjef Salve Øina
  2. 8. mai 2003 Formann Jens Skisland
  3. 1. juli 2002 Skogsarbeider Gjermund Frøysaa
  4. 1. juli 2002 Hjelpepleier Jorunn Frøysaa
  5. 1990 Lensmann Olav Andreas Vatnestrøm

Det er nok fleire og det hadde vore fint å få ei oversikt over desse til Setesdalswiki.