Hopp til innhald

Olav Torgrimson Fennefoss

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 13. januar 2015 kl. 12:50 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (piping)
Olav Torgrimson Fennefoss
Født: 1777
Død: 1842 (alder 64–65)

Olav Torgrimson Fennefoss (fødd 1777 på Horverak, død 1842 (?) i Hornnes) var bonde, haugianar og stortingsrepresentant frå Fennefoss i Hornnes.

Fil:Olav T. Fennefoss minnestøtte 230614.JPG
Minnestøtta over Olav T. Fennefoss som er reist på garden som seinare blei til Evje og Hornnes museum, Fennefoss.

Olav Torgrimson Fennefoss møtte Hans Nielsen HaugeSenum då han vitja Otradalføret i 1803-1804. Fennefoss sa då opp lærarposten han hadde i Årdal, og flytta ut til Fennefoss for å arbeide på Mylla som Hauge ville etablere ved fossen. I 1811 døydde lensmann Ole O. Ramse i Hornnes. I 1813 gifta Fennefoss seg med enka Ingeborg. Med henne fekk han den tidlegare lensmannsgarden, det austre gardsbruket på Fennefoss. Heimen på Fennefoss vart midtpunktet for haugerørsla i Evje og Hornnes i mange år frametter.

Fennefoss var ein nevenyttig mann, han kunne utføre nær sagt kva slags arbeid det var, skriv Erik Kjebekk i ein artikkel i Arnstein i 2014. Han var også ein dyktig gardbrukar. Før han overtok garden på Fennefoss, skal han ha virka mykje som lekpredikant oppetter Setesdal.

I 1824 vart Fennefoss vald inn på Stortinget for Nedenes og Råbyggelagets amt. Han var den første stortingsmannen som blei vald frå Evje prestegjeld. Han sat på Stortinget 1824-1826.

Då Olav Torgrimson Fennefoss kom til Kristiania i 1824 var Hans Nielsen Hauge nettopp død. Fennefoss fylgde i gravferda.

Kjelder